Tøff kvardag
Solveig Abelone Midtgarden er landkoordinator for HimalPartner i Nepal. Ho var nyss med Tulsa Sharma og vitja eit dagsenter for barn med funksjonshemming i Chitwan, 4 – 5 timar med bil frå Katmandu, som Tulsa etablerte for rundt ti år sidan. (Arkivfoto: Mariann Aspenes Tepu). Les om Tulsa og dagsentera her.
På dagsenteret i Chitwan fekk Solveig Abelone (biletet) høyra mange sterke historier om korleis kvardagen for barna og foreldra verkeleg er.
– Ei mor fortalde at ho måtte flytta frå stad til stad, då mange ikkje ville ha «slike familiar» i sitt nabolag. Ei anna sa at ho ikkje kunne reisa med offentlege transportmiddel, då sjåføren nekta dei. Passasjerar ynskjer ikkje å ha «slike» ved sida si. Fleire av dei hadde vonde erfaringar i møte med helsevesenet.
Tulsa oppmuntra foreldra til å organisera seg for å bli ei sterk stemme i det offentlege rom. Foreldra var svært nøgde med måten dei har blitt møtt på senteret. Dei var samstemte på at dette var den beste plassen dei kunne ha barna sine. Her var dei trygge på at barna fekk behandling, terapi og kjærleik.
Illustrasjonsfoto: Kai Bakke
Ungdomar i eit bur
– Den dagen vi vitja Chitwan, meldte dei på nyheitene om to ungdomar som var funne i eit bur i Katmandu. Den eine var 21 år og den andre 17 år, og dei hadde budd heile sitt liv i dette buret, seier Solveig Abelone Midtgarden. Det er vondt å høyra og det er ikkje det einaste dømet på korleis mentalt sjuke blir umenneskeleg handsama. Dette understrekar at mental helse er eit felt me fortsatt må satsa på vidare.