Den vakre ørkenvåren

Ørkenvåren

Dette tibetanske diktet var ein del av programmet fredagskvelden på årets Sommerstemne. Det er omsett frå engelsk til norsk av Marita Bjørke Ådland , som og las. (foto: Jim Lindquist)

Til deg

Vi treng dei høge fjella, sjølv om vi har sletter med gras.
Det er ikkje på grunn av dei store hava vi legg bak oss
den vakre ørkenvåren.
Den høge himmelen kjennest litt nærare når fuglen flyg under den.
Kamelen er like mykje kamel sjølv om eit føll blir fødd.

Min høvdings død er ei uferdig forteljing
om livet som eg grin over, for alltid borte i mørkret.

Eg vil seia deg dette:
Vi bryr oss om alle former for liv på jorda.
Akkurat som vi respekterer alle former for forskjellar oss imellom.

Og nettopp difor meiner vi at
doggdråpen som reflekterer lyset, ikkje er mindre verd enn ei heil elv.

(Jidi Maija)