Ein lukkeleg mann

Bhakta Thapa

Ein onsdagskveld i 1967 møttest to lærarar for å be. Det var starten på ei lokal kyrkje Nepal som no har 560 medlemmer.

Tekst og foto: Øystein Ådland

Livskraft: Bhakta Thapa var den eine av lærarane. Den andre var frå Kanada. Unge Bakta hadde vorte ein kristen i 1962, som den første i sin familie. Etter kvart vart heile familien døypte.
– Den første tida var vanskeleg for dei kristne, minnest han. Heilt til 1990 blei folk fengsla for trua si. I dag veks dei unge opp i eit utprega hindusamfunn, sjølv om grunnlova fastset at staten skal vera ‘sekulær’.
Familien til Bhakta, med born og barneborn, er aktive i Lamachaur-kyrkja i Pokhara.
– Eg er ein lukkeleg mann, smiler han og lyfter opp barnebornet for fotografering.

Pokhara DåpSom vanleg ein laurdag morgon sit han på sin faste plass bak i kyrkjesalen. Bibel, salmebok, notatbok og blyant er med.
Nylig vart 12 – 14 unge døypte i elva like nedanfor kyrkja. Dei fleste hadde ikkje-kristen familiebakgrunn. Det var ein stor dag for kyrkjelyden. Unge som veit kva dei vil, har vald å fylgja Jesus. Det gjev framtidstru for dei eldre som har vore med i kyrkja gjenom mange år. Og til gudstenesta kjem både den gamle kyrkjeleiaren og dei unge nydøypte med Bibelen i hand, dei unge gjerne med Bibel og mobiltelefon.

Bhakta avsluttar gudstenesta med ei oppsummering frå preika. Han leiar songen når kyrkjelyden syngjande bed Fadervår, – og lyser velsigninga over kyrkjelyden til sist.

Vi gjev framtid og håp til menneske i Himalaya. Arbeidsplassar blir skapte. Utsette grupper får sitt menneskeverd og mye sjansar. Barn får betre oppvekstvilkår. (Foto: Pål Brenne)

Gavekonto nr 3000 15 47107 – Merk gåva «Sommargåva»
Send ein SMS: himal150 til 2160 (kr. 150) eller bruk gjevartelefonen 822 04 181 (kr. 200)

Gje med webgjevar: