Ein uoppnåeleg draum?

Rita_jordskjelvrammet

Rita Joshi, 40, gjorde seg klar til å eta lunsj saman med dotter og svigermor på 70 den skrekkfylte morgonen 25. April 2015. Brått merka ho at det 500 år gamle huset deira i landsbyen Lubhu i utkanten av Kathmandu, skalv kraftig. Utan å tenkja greip ho den 11 år gamle dottera, fekk med seg svigermor og sprang ut av huset. Illustrasjonsfoto: Pål Brenne

Tekst: Elisha Shrestha / Ragnhild Skeie

Det er meir enn eitt år sidan jordskjelvet ramma Nepal og etterlet hundre tusenvis av menneske heimlause. Jordskjelvet i Nepal var den største naturkatastrofen på mange tiår. Meir enn 8000 menneske mista livet og millionar av heimar vart øydelagde.

Kjende på uvissa for framtida
– I det vi var ute, såg vi den fireetasjes heimen vår rasa i grus. Eg var som lamma, medan dotter mi og svigermor skreik og gret om ein annan. Alt vi hadde låg i ruinar framfor meg og eg kjende straks på uvissa for dotter mi si framtid, klagar ei fortvila Rita.

Rita er åleinemor og held liv i seg og familien gjennom arbeid på ein teppefabrikk. Ho tener i underkant av 8 kr om dagen.
– Vi var fattige før jordskjelvet, men vi hadde nok mat. No uroar eg meg kvar dag for korleis eg skal få endane til å møtast, seier Rita.
Då huset rasa, blei ho heimlaus, og har no i eitt år budd saman med dotter og svigermor i eit provisorisk husly.

Blir sint
– Av og til blir eg sint fordi eg ikkje får noko hjelp frå regjeringa, og for at eg må leva på denne forferdelege måten. Her er ingen elektrisitet i teltet og vi får vatn annankvar dag. Monsunen, regntida, har nett starta og eg har inga aning om kva vi skal gjera. Eg høyrde at vi ville få 15.000 rupis (ca. 1100 kr) frå regjeringa i krisehjelp, men vi fekk ingen ting, seier Rita.
– Eg er trist, men eg ser likevel velsigningane. I det minste berga Gud dotter mi og svigermor. Eg takkar Gud for at dotter mi ikkje blei foreldrelaus. Det einaste målet eg har no, er at dotter mi skal få utdanning, difor arbeider eg hardt, seier Rita.

Mykje uro og sorg
På overflata kan det se ut som samfunnet Nepal er i gang att eit drygt år etter katastrofa ramma. Vegar er rydda og handelsgatene travle som før. Men om ein prøver å sjå bakom dei tapre smila til det nepalske folk, finn ein snart både uro og sorg. Rita er ei av dei. Det vil ta lang tid å lækja såra hennar. Som alle dei andre overlevande frå jordskjelvet, har Rita ei von: nok mat og skikkeleg tak over hovudet. Akkurat no ser det ut til å vera ein uoppnåeleg draum.

Livskraft
HimalPartner vil frigjere livskraften som finnes i Rita og andre som trass i uro, sorg og sinne ikkje gjev opp. Våre prosjekt knytt til mental helse og næringsutvikling, gjev folk framtid og håp. Det kan di sommargåve og gjera. TAKK!

Gavekonto nr 3000 15 47107 – Merk gåva «SOMMARGÅVA»
Send en SMS: himal150 til 2160 (kr. 150) eller bruk gjevartelefonen 822 04 181 (kr. 200)

Gi med webgiver: