Frå USA for å vere med på sommarstemne
Eit ungt tvillingpar kom frå Florida for andre år på rad for å vere med på forkantleir og sommarstemne. Barna og dei unge vil attende; – og får med seg familien! Vi har møtt fem på sommarstemnet og spurt hvordan de hadde det?
Tekst og foto: Silje Gunlaug Yun Eng
Vi spurte dei:
1. Kor mange gonger har du vore på stemnet?
2. Er dette stemnet annleis frå tidlegare? Kva vil du hugse best?
3. Kjem du til Haugetun neste år?
Tørres Gilje, 54 år frå Søgne.
1. Eg har vore omlag 15 gonger på HimalPartner sitt stemne. Fyrste gong før eg som nygift med Eva dro som utsending til Nepal.
2. Det var meir luft i programmet og fin lengde på møtet. Det eg vil hugse best er Tore Thomassen, hans folkelege tilnærming, gullkorn og ord til ettertanke, samt det musikalske.
3. Eg kjem kanskje neste år. Det er ungane som gjorde at me kom i år. Dei vil gjerne vere med på forkantleir.
Tvillingane Kristin og Jaeger Kirker, 15 år frå Florida.
1. Vi var fyrste gong på forkantleir i fjor.
2. I år er det betre fasiliteter, sjølv om Rødde ligg i «ingenmannsland». Gode minner er hyttetur og stranda.
3. Ja, me vil gjerne koma att, viss me får moglegheit. Her er det bra folk og «community spirit»!
Linnea Maria Maridal, 7 år frå Molde.
1. Eg har vore på stemne to gonger før.
2. No er eg blitt 4 år eldre enn sist og med på opplegget for barna. Det eg vil hugse best er ting eg kjøpte på Himalaya torget.
3. Det kan godt hende eg kjem neste år, sidan det var så gøy på barneopplegget
Kamal Acharya, 38 år frå Pokhara og Trondheim.
1. Det er fyrste gong eg er på HimalPartner sitt sommarstemne. Men eg har delteke fleire gonger på lokalforeininga sitt årlege møte.
2. Det har vore veldig interessant og fint å møte mange menneske som har vore i Nepal, – menneske som har vore lenge, snakkar språket og medverkar til utvikling.
3. Ja, – det føles som heime med alle nepalitinga.