Funksjonshemma får nytt menneskeverd

– Mi erfaring er at dei utviklingshemma barna syner god framgang når dei får tilpassa opplæring, seier Tulsa Sharma. Ho har brukt heile sitt vaksenliv på å gjera ein forskjell for dei stigmatiserte barna, som ofte vert bortgøymde. Arkivfoto.

Tekst: Elisha Shrestha, Torbjørg og Ingvar Olimstad og Terje Holmedahl

Tulsa Sharma var berre atten år då mora hennar døydde. I den fyrste sårbare tida etterpå vart ho kjend med familien Voreland, – ein norsk familie som hadde arbeidd lenge som misjonærar i Nepal. Dottera deira var psykisk utviklingshemma.
– Etter som eg fekk meir og meir tid i lag med denne familien og blei kjend med dottera Marianne, blei eg interessert i å veta meir om utviklingshemma born, seier Tulsa.

Endra menneskesyn
Det nepalske samfunnet har lite syn for at folk med psykisk utviklingshemming skal kunna ta del i fellesskapet. Tulsa var ikkje annleis i så måte. Etter å ha lært meir om psykisk utviklingshemming, blei synet på desse menneska forandra.
– Gjennom mitt engasjement i ein organisasjon som Voreland sette meg i kontakt med, fekk eg høve til å gå på besøk til heimar der barn med ulike utviklingshemmingar budde. Det var leitt å sjå korleis desse barna blei behandla i sin eigen familie. I ein heim fann me eit barn som låg i sin eigen skit i eit mørkt rom og gret. Alle i familien oversåg han, endå dei høyrde kor han jamra seg. Dei sat i eit anna rom og såg på TV, medan mora var oppteken med husarbeid. Då vi kom, blei mora skamfull og prøvde å gjera han rein.
– Då eg tok barnet i armane mine, begynte mora å gråta. Sjokkert spurte eg om eg hadde gjort noko gale. Etter ei stund kom det fram at heilt sidan denne fireåringen var fødd, var det ingen andre enn mora som hadde tatt i barnet. «Det gjorde så godt å sjå deg ta opp sonen min. I heimen vår er det ingen andre som bryr seg om å ta vare på han», sa mora.

Vert bundne og innestengde i mørke rom
Denne opplevinga rørte Tulsa kraftig og gav henne motivasjon til å arbeida med desse sårbare og neglisjerte borna og leita etter måtar å hjelpa dei på. Ho legg ikkje fingrane i mellom; – haldningane og behandlinga av menneske med psykisk utviklinghemming var umenneskeleg på den tida, seier ho.

Foto: Mariann Aspenes Tepu

For å skjule skamma, brukte mange familiar å binda slike born i eit mørkt rom. Folk flest trudde at årsaka til at barnet var blitt psykisk utviklingshemma var synd som mora hadde gjort i eit tidlegare liv. Som eit resultat av det forventar familien at mora må ta heile ansvaret for barnet.
– Haldningane som mor og barn møtte i samfunnet, gjekk verkeleg sterkt inn på meg. Eg var bestemt på å kjempa for likeverdig behandling for dei utviklingshemma. Samtidig visste eg ikkje korleis eg kunne kjempa mot alle fordommane blant folk.
Tulsa delte tankane sine med Mia og Asbjørn Voreland. Dei forsikra henne om at dei ville støtta henne.
– Til denne dag har dei hjelpt oss med å driva dette arbeidet, og dei er viktige støttespelarar for «Håpets senter» – Aasha Baal Bikash Shewa (ABBS).

Mange vanskar

Foto: Mariann Aspenes Tepu

– ABBS blei starta i juli 1993 med tre barn. I starten møtte me mange vanskar. Folk var motvillige til å leiga bort hus til eit slikt arbeid. Andre var redde for at dei òg kunne bli «slik» om dei hadde kontakt med «slike». I lang tid fekk me inga støtte frå samfunnet. Eg hadde ikkje mykje kunnskap om korleis ein kunne driva eit slikt senter, eller skule, som er ordet me bruker overfor barna og foreldra. Eg kjende ein trong etter å hjelpa desse barna. Kunnskap og erfaring med slikt arbeid hadde eg ikkje. Resultatet blei ein god porsjon vanskar.

8.000 hjelpte
I 1991 hadde Dr. Tirtha Bahadur Thapa grunnlagt Human Development and Community Service (HDCS), ein kristen frivillig organisasjon som tilbyr gode helse- og omsorgstenester i Nepal.
Tulsa og hennar medarbeidarar blei samde om å gå i partnarskap med Dr. Thapa. Han gav mykje hjelp og rettleiing.
– Sidan år 2000 har me arbeidd i lag med HDCS. Dette gjer at me ikkje treng å registrera ABBS som eigen organisasjon.
Dei siste 23 åra har ABBS gitt støtte og hjelp til barn med psykisk utviklinghemming. Til nå har om lag 8.000 born vore omfatta av tilbodet. Dette omfattar fire dagsenter rundt i landet.

Kurs og opplæring
På skulen lærer barna aktiviteter som skal gje dei eit enklare liv. Dei vert aktivisert med teikning, måling, puslespel, andre spel, dans og song, og dei får opptrening i å kommunisera.
– Mi erfaring er at alle barna syner god framgang. Nå har me og gitt kurs og opplæring til folk som ønskjer å gå inn i arbeidet blant utviklingshemma born, seier Tulsa Sharma.