Ho har ein draum
Malati Rai Pandey er ein av fleire i Nepal som har teke initiativ for å skapa endringar i korleis foreldre og andre omsorgspersonar møter borna slik at dei kan få eit godt oppvekstmiljø. Foto: Silje Yun Eng
Tekst: Elisha Shrestha / Øystein Ådland
Malati Rai Pandey var i Noreg i mars. Ho var med på HimalPartners inspirasjonssamling og vitja grupper og kyrkjelydar på vestlandet. Malati framstår som ein trygg person. Ho brenn etter å gje born gode oppvekstvilkår og ein betre skulekvardag.
Veks opp utan emosjonell støtte
I Nepal, som i mange andre utviklingsland, veks ofte mindreårige born opp utan eit miljø som gir emosjonell støtte og kreativitet for læring. Både foreldre og omsorgspersoner i t.d. barnehagane kan vera dei som sviktar.
Ofte er korkje foreldra eller tilsette i barnehagar i stand til å gi dei emosjonell støtte eller leggja til rette for læring slik dei skulle. Dette kan føra til negativ innverknad og tilpassingsvanskar.
Positiv endring
Malati Rai Pandey er ein av fleire i Nepal som har teke initiativ for å skapa endringar i korleis foreldre og andre omsorgspersonar møter borna slik at dei kan få eit godt oppvekstmiljø.
Malati er involvert i Education Horizon Nepal, ein kristen, ikkje-kommersiell organisasjon som samarbeidar med HimalPartner. Organisasjonen arbeidar for at alle born skal få utnytta sitt potensiale.
– Education Horizon Nepal (EHN) vart etablert i 2010 med det som mål å arbeida for positiv endring i kvardagen for borna, gjennom å dyktiggjera lærarar, organisasjonar, juristar og andre med ansvar for born, seier Malati.
Alkoholisert far
Malati har sjølv kjent på kroppen det mentale stresset der er å veksa opp i ein familie med ein alkoholisert far.
– Far min brukte ofte å komma full heim. Kvar dag var det krangel og fysisk vald mellom foreldra mine. Eg og syskena mine brukte å gøyma oss så far ikkje skulle finna oss. Me vart redde berre av å høyra stemma hans, minnes Malati.
Malati føler at ho har vorte frårøva noko av barndommen på av grunn av faren. Ho ynskjer ikkje nokon den same barndommen som ho har hatt.
– I leiting etter fred og eit anna liv søkte mor tilflukt i kyrkja då eg sjølv var atten år gammal, minnast Malati.
Alt fell på plass
Malati er fødd i den vesle landsbyen Salghari i Sikkim i India. Ho opplevde alltid at foreldra kjempa for å få endane til å møtast. Før dei vart kristne, var det aldri fred og harmoni i heimen.
– Eg syns at Gud har vore god som no har aust ut over familien min av sin nåde. Eg føler velsigninga over å leva eit meiningsfylt liv i Jesu namn. Slik har søskena mine det og, seier Malati.
– Då me tok imot Jesus, fell alt på plass. Far stoppa drikkinga, det vart starten på eit godt familieliv, fortel Malati med eit smil.
Best å vera i lag med born og unge
I ein tidleg fase i livet ville Malati utdanna seg innan naturvitskap. I 2003 kom ho til Katmandu for å studera zoologi og ta ein mastergrad i faget. Etterkvart skjøna ho at naturvitskap ikkje var noko for henne.
– Etter eksamen fekk eg jobb som naturfaglærar, men eg kjende meg ikkje tilfreds med det. Det eg likte best, var å vera i lag med born og ungdom!
Resultatet vart at ho kom inn i arbeidsfeltet med småbarnspedagogikk. I meir enn åtte år har ho vore lærar i sundagsskulen i kyrkja der ho er med, «New Life Church».
Lærte mykje
– Eg har undervist tenåringar, og eg er glad for å få vera dei til hjelp i det dei strir med. I tillegg har eg også familie-undervisning for foreldra til sundagsskule-elevane.
På den eine sida lærte ho om dei psykiske relasjonane mellom foreldre og born, – på den andre sida fekk ho tileigna seg kunnskap om korleis denne sektoren arbeidar.
– United Mission to Nepal (UNM) gav meg høve til å arbeida med utviklingsoppgåver for born, og eg lærte mykje om dette arbeidet, seier Malati.
Ho meiner arbeidet i Early Childhood Education Center (ECEC) og seinare i Education Horizon Nepal har gjeve henne ei ny oppleving av korleis situasjonen er for born i Nepal. Malati har arbeidd i ECEC og var med og starta EHN, som ECEC sin sosiale utviklingsorganisasjon.
Bevisstgjering
– Eg er mor sjølv. Eg har hatt dei bitre opplevingane gjennom barndommen min. – No vil eg vera med og gjera folk bevisste på kor viktig det er å investera i gode oppvekstvilkår for eit barn. Det vil vera avgjerande for heile livet, seier Malati engasjert.
I seks år har Malati hatt arbeidet sitt innan dette arbeidsområdet. Ho føler at ho kanskje er i ferd med å oppfylla draumen sin om at det nepalske samfunnet skal ta ansvar for gode oppvekstvilkår for borna. Ho trur at ved Guds nåde skal ho få sjå draumane sine oppfylte.