Leikestova gjev framtid og håp

Leikestoga_nettMiriam, Natalie og Jonatan Høyland har gjort leikestova si om til kiosk. Alle pengane går til å gje framtid og håp for dei som lir i Nepal etter jordskjelvet i fjor.

Fremtid og håpTekst og foto: Silje Gunlaug Yun Eng

Dei tre syskena var på fjorårets sommarstemne og lærte om jordskjelvet i Nepal. Dei ville vere med og bidra. Gjennom våren 2016 blei leikestova heime på Tonstad omgjort til kiosk der dei inviterte gjester og kunder til å kjøpe is og kaffe til inntekt for Nepal. På sommarstemnet på Rødde i Trondheim overlevere dei NOK 1 282 til HimalPartner.

Det er vakkert når barn engasjerer seg på denne måten. Dei ser eitt behov og kjem opp med konkrete løysingar for å kunne vere med å bidra. Dette har me alle noko å lære av, viss me kjenner på at me vil medverke og bidra til framtid og håp; må me agere. Stort eller smått av engasjement, – alt tel. Og like viktig for Nepal er vissheita om at nokon andre hugsar på dei og ber for dei. Dei står ikkje aleine.