Del jula di!

Det gjer dei kristne i Nepal, fortel Ragnhild Skeie. Illustrasjonsfoto: Pål Brenne.

I vekene før jul går ei gruppe i kyrkjelyden frå hus til hus der dei kristne bur og syng julesongar. Somme tider har dei og ein kort appell. Dei har med seg instrument og lys, og syng og dansar utanfor huset. Songen samlar ofte eit nabolag, så dei som ikkje er kristne og kjem for å høyra. Av og til blir det servert te eller snacks til dei som kjem og syng.

Dette er ein tradisjon som eg hugsar tilbake til Butwal-tida, minnest Ragnhild, – og ein fin måte å dela juleevangeliet på til folk i nabolaget
Jula har tidlegare ikkje vore forbunde med presangar i Nepal, men det har blitt meir dei siste åra. Den viktigaste feiringa skjer i kyrkja juledag. Då møter ein del tidleg i kyrkja for å stelle til julemåltid. Denne dagen er det festgudsteneste, ofte med dramatisering av juleevangeliet og mykje song og dans – og god mat!
Kyrkjelyden tel ofte meir enn det dobbelte denne dagen i høve til ein vanleg sundag, fordi mange blir inviterte med, eller har høyrt at det er matservering denne dagen. Samlinga i kyrkja varer i mange timar, seier Ragnhild, som har mange gode kjensler med desse minnane.