Dyktige folk gjer ein skilnad

gjengen-i-dhakdai

Utdrag av nyhendebrev frå Solveig Abelone Midtgarden, november/desember 2016. Solveig er landkoordinator for Nepal.

Det var storvegs å få besøk i starten av november. Heidi; generalsekretæren frå hovudkontoret, Hans Kristian; psykiater frå Molde; Ingunn psykolog frå Oslo og Ellen ergoterapeut frå Gøteborg, ny utsending for HimalPartner. Ho flyttar vonaleg til Nepal på nyåret. Me reiste saman til eit område i sørvest som heiter Rupendehi, der me vitja prosjekt som me støttar gjennom UMN.

Ofte blir me oppgitt over alt som ikkje fungerar i dette landet. På denne turen fekk me derimot sjå at det faktisk er ganske masse som er på plass og det fins dyktige folk på grasrotplan som gjer ein utruleg god jobb. Me vitja helsepostar, snakka med fagfolk, frivillige helsearbeidarar og pasientar. Me fekk eit innblikk i korleis arbeidet med mental helse er begynt å bli ein integrert del av helsevesenet.
I kvar kommune er det «mothers group» som møtes månadleg og deler sine erfaringar. Det er plukka ut to damer frå kvar av desse gruppene som frivillig arbeider som helsearbeidarar og er ressurspersonar i området. Nokre av dei me møtte hadde 20 års erfaring som frivillige. Dei har fått opplæring i helsefag og lært bl.a at menneske med mentale lidingar kan få hjelp på helsepostane med sine problem. Dei som før blei sett på som «galne», kan no få medisinsk behandling og psykososial hjelp. Vår psykiater og psykolog kunne gi råd og veiledning til kollegaer på dei tre helsepostane me var innom, og møta me hadde var lærerike for alle.

«Ver modig og sterk! Lat deg ikkje skremma og mist ikkje motet! For Herren din Gud er med deg overalt der du går» Josva 1.9