Elevar skal fremje mental helse i Nepal

Misjonsprosjektet på Framnes skal i 2017/2018 arbeida for prosjektet Mental helse i Nepal, eit arbeid som HimalPartner driv i det vakre men fattige landet ved Himalaya. Det bestemte komande russekull på Framnes tysdag den 23. mai.

Tekst og alle foto: Lars Arvid Oma

Nytilsett innsamlingsleiar i HimalPartner, Line Konstali frå Lørenskog, og lege/psykiater Hans Kristian Maridal frå Molde, hoppa av glede då eit stor fleirtal av elevane stemde for å støtta Himalpartner sitt arbeid med styrkja helsetilbodet for psykisk sjuke menneske i det hardt prøva landet.
Tre organisasjonar var på plass i dag for å presentera prosjekta sine.

– Prosjektet går kort fortalt ut på ei todelt satsing. For det første arbeider HimalPartner for å byggja opp eit nytt senter i hovudstaden Kathmandu der ein kan gje god behandling av psykisk sjuke og trening i praktiske ferdigheiter. For det andre skal me lære opp helsearbeidarane i allmennhelsetenesta i behandling av psykisk sjuke. Undersøkingar viser at kvar fjerde pasient som møter på eit vanleg legekontor har psykiske vanskar, fortel Maridal, som sjølv arbeider med fagfeltet heime i Molde.
Han arbeider frivillig for HimalPartner, og har vore fleire gonger i Nepal.

HimalPartner har Matrika Devkota med seg på laget, ein nepaleser som sjølv har erfart psykisk sjukdom og som har arbeidd hardt og lenge for å få slutt på diskrimineringa av menneske med psykiske lidingar. Han har vunne prisar for innsatsen og har ei høg stjerne hjå styresmaktene.

Line og Hans Kristian var kjempeglade då røystinga synte at HimalPartner fekk innsamlinga 2017/18.

– Me skal gå til styresmaktene og presentera planane våre, fortel Maridal vidare.
Målet er å få i gang eit samarbeid som kan vera effektivt for dei mange med psykiske lidingar.

– Tilbodet for psykisk sjuke i Nepal er nærast lik null. I eit land på nær 30 millionar menneske er det berre éin barnepsykiater, og landet har berre eitt psykiatrisk sjukehus – med 40 senger. At elevane på Framnes vil støtta dette arbeidet betyr enormt mykje for ein mellomstor organisasjon som HimalPartner, seier Konstali.

Tekst og foto: Lars Arvid Oma