Håp om ei betre framtid

 

Bhattedanda kvinne6

Det var som om tida stoppa opp for mange i Nepal etter det store jordskjelvet 25. april 2015. I skjelvet, som vart målt til 7,8 på Richters skala, døydde meir enn 8.000 menneske.

Tekst: Elisha Shrestha, Øystein Ådland og Terje Holmedahl

Mange kjente det som om dei var sette hundre år tilbake i tid. Håp og tru var det einaste dei hadde å stola på. Dei hadde ingenting dei kunne kalla sitt eige. Og medan folk prøvde å komma på fote att, kom ei ny tragedie; – ein langvarig handelsblokade ved den indiske grensa. Dette førte til mangel på drivstoff og medisin i dette sårbare landet ved Himalaya.

Uro og sorg
På overflata kan det se ut som samfunnet Nepal er i gang att snart 17 månader etter at katastrofa ramma. Vegar er rydda og handelsgatene travle som før. Men om ein prøver å sjå bakom dei tapre smila til det nepalske folk, finn ein snart både uro og sorg.

rima-bor-i-teltIngen spør korleis me har det
Rima Joshi vart heimlaus etter at jordskjelvet øydela huset hennar. No har ho levd i snart halvtanna år i eit provisorisk telt saman med familien.
– Me fekk noko mat og anna me trong for det daglege livet frå styresmaktene. Men det siste året har ingen spurt etter korleis me har det.
Ho har håpa heile tida at styresmaktene ville hjelpa dei med rehabilitering og gjenoppbygging. Folk flest prøver å klara seg som best dei kan og klamrar seg til håpet for framtida.

UMN gav folk nytt håp
james-tamang_lite– Då United Mission to Nepal (UMN) si naudhjelp endeleg kom fram, fekk folk nytt håp, seier James Tamang i Jharlang, ein landsby i Dhading distrikt. Dei var heilt isolerte i fire – fem dagar etter jordskjelvet.
– I tillegg til mat, teppe og varme klede, delte UMN ut såkorn, grønnsaksfrø, landbruksreiskap og anna verktøy til gjenoppbygging av midlertidig husly. Det var svært viktig, seier James, som framleis lengtar etter noko han kan kalle ein normal kvardag.

Transportblokaden, ein svært streng vinter i fjor og ein ganske ekstrem monsun i sommar, har gjort at det har teke lang tid før gjenoppbyggingsarbeidet kunne komma i gang for alvor. Byråkrati, korrupsjon og politisk uro har ikkje gjort situasjonen betre.

toppbilde-face