Ny landkoordinator i Nepal

Solveig Midtgarden

Solveig Abelone Midtgarden er tilsett som ny landkoordinator for HimalPartner i Nepal frå sommaren. Saman med ektemannen Tor Bendik, som jobbar for Statkraft, har ho budd i Katmandu sidan august i fjor.

Tekst: Terje Holmedahl – Fotos: Privat

Når Solveig tek over arbeidet etter Eldrid Brekke, kjem ho inn i ein situasjon der HimalPartner har veldig få norske utsendingar i Nepal
– Det gjer at eg i fyrste omgang kan konsentrere meg om å bli godt kjend med prosjekta, og partnarane får anledning til å bli kjend med meg, seier Solveig. Det er kanskje berre ein fordel. Så håpar eg, når det kjem utsendingar både på kort og lang sikt, at eg då er betre rusta til å ta imot dei, forstå kva dei skal gjere og ha meir tid til oppfylgjing.

Har budd fire år i Nepal før
Familien MidtgardenDen nye landkoordinatoren er veldig glad i hytteliv og turar, sommar og vinter. Ho liker å lage mat, bake, lage til selskap og å vere sosial, men innimellom set ho pris på å trekkje seg tilbake med å lese bøker og høyre på musikk.

Solveig og Tor Bendik har tre vaksne born og ventar sitt fyrste barnebarn til sommaren. Familien budde i Nepal i perioden 2001 til 2005.
– Det var borgarkrig og ein tøff kvardag desse åra. Likevel trivdes me godt og blei glade i det vakre landet og det blide, flotte, hardt prøva folket som bur i Nepal. Ungane var i eit flott miljø og ser tilbake på dei åra som noko unikt, og det gjorde noko med oss som familie å bu slik me gjorde. Me fekk mange gode venner gjennom dei åra og me blei kjend med utsendingane frå Himal Partner og deira arbeid i Nepal.
Tor Bendik jobba den gongen óg for Statkraft. Dei hadde fulgt med Tibetmisjonen i mange år, og har halde kontakten i ettertid

Vaks opp med sju sysken
Solveig vaks opp i ein familie med sju sysken på Fitjar i Sunnhordland og har vore meir eller mindre aktiv i kristne miljø sidan konfirmasjonsalderen.
– I Fyresdal, der me bur, har eg stort sett vore med i sokneråd og aktivitetar knytt til kyrkja. I 1987 blei eg ferdig utdanna sjukepleiar og hadde ulike jobbar i kommunen fram til me reiste til Nepal i 2001. Etter det var eg med å starta dialyseavdeling i Vest Telemark, fortel Solveig.
Etter å ha teke vidareutdanning i familieterapi, har ho dei siste åra hatt ei stilling i barnevernet i Vest Telemark.
– Det er ein tøff arbeidsplass, men der trivst eg veldig godt og håpar å få att stillingen etter opphaldet i Nepal. Både heime og på arbeidsplassen er eg oppteken av at dei rundt meg har det bra og eg får tilbakemeldingar på at eg er ein person som ser dei som er rundt meg og at eg er god til å lytte. Eg er ganske strukturert, ryddig og effektiv og utsetter ikkje til i morgon det eg kan gjere i dag.

Arbeid som passar meg
– Kvifor hadde du lyst å bli landkoordinator for Himal Partner.
– Då me flytta hit i august, ville eg bruke tid på å lande, etablere ein heim, lære språk og bruke tid på å finne ut kva eg eigentleg ville. Så blei eg fort kjend med Eldrid og syns ho hadde ein spennande jobb. Eg fekk vite at stillingen hennar som landkoordinator ville bli ledig frå hausten 2016. For meg er det på mange måtar praktisk å vere knytt til ein norsk organisasjon. HimalPartner er ein organisasjon eg syns jobbar på ein god måte og som eg kjenner frå før. Stillingen er variert. Det er mykje nettverksarbeid, personalarbeid, kontakt med ulike partnarar, kontakt med administrasjonen i Norge og tilrettelegging for dei som kjem frå Norge til Nepal. Eg trur alt dette er eit arbeid som passar meg.

Vil nå måla i strategiplanen
Ho har fått møtt nokre av dei mange dyktige nepalesarane som gjer eit godt arbeid.
– Det er ikkje noko poeng å ta arbeid frå dei. Det er heller ikkje lett å finne noko betalt arbeid, då arbeidsløysa er stor her. Eg kunne funne volontør-arbeid, som eg gjorde sist, men denne gongen ville eg gjerne ha ei fast stilling, seier Solveig.

– Som sagt kjem du inn i ei tid med store endringer for HimalPartner. Har du tankar om korleis HimalPartners arbeid i Nepal vil sjå ut om få år?
– Eg håpar at vi kan nå måla som strategiplanen peikar ut. Eg håpar, at HimalPartner har fått sett mental helse på kartet i Nepal, gjennom prosjekta og ved hjelp av partnarane. Prosjekta på Kathmandu University er store og langsiktige. Mitt håp er at dei er i godt driv om få år. Eg ønskjer og å få sjå at det kjem utsendingar som vil vere her over tid, som lærer seg språket og kulturen og kan vere medvandrarar for dei som står på i prosjekta, men har ein tøff kvardag. Det er og viktig med utsendingar som kjem for kortare tid, som kan inspirere og vere rådgjevarar.
Himal Partner skal og vere nyskapande, så kanskje ein kan vere med å avdekke satsingsområder som utfordrar til nyskapande verksemder.