Solveig er på plass

Solveig og Tor Bendik

– Eg blei inspirert til å skrive i dag, kanskje fordi me hadde ein herleg morgontur etter ei natt med store nedbørsmengder og lufta var klar og fin…  Slik skriv Solveig Abelone Midtgarden i sitt fyrste «nyhendebrev» som HimalPartner sin landkoordinator.

– Mektige Manaslu og Ganesh Himal viste seg i horisonten, damene var allereie i full gang med mais innhausting klokka 06.30 og det kjennes godt å starte ein ny Himal Partner dag. Ja, for no er eg i sving. Vi ankom Katmandu 11. august og så var det berre å setje i gang.

Ho har vore rundt hjå nokre av samarbeidspartnarane allereie.
– På fredag besøkte eg KOSHISH. Det er fantastisk å sjå kva arbeid dei gjer for menn og kvinner med psykiske lidingar på to ulike transit-homes. Det er pr i dag 32 damer som bur og får omsorg og tilbod om terapi på kvinne senteret. Dei arbeider heile tida med tilbakeføring til distriktet dei høyrer til, men ingen reiser frå senteret før dei er klar for det. Dei må ha stabil adferd og vere riktig medisinert.
Dei har hatt 82 damer innom frå januar og fram til august i år. Mange kjem rett frå gata, andre er sendt frå heimane sine, der dei ikkje har fungert pga sin sjukdom. To dagar før eg var der, blei det fødd ei lita jente på senteret, der var og ei som var berre 11 dagar gamal. Sjukepleiarar arbeider i turnus døgnet rundt saman med sosialarbeidarar, og dei gjev omsorg til mødrene og babyane. Det var vondt å sjå desse mentalt sjuke mødrene som ikkje kan ta hand om borna sine, men samtidig godt å sjå at dei blir teke hand om av ein nydeleg omsorgsfull stab.

Vil du få tilsendt nyhendebreva frå Solveig? Send ein e-post til: [email protected].
Du kan og fylgja Solveig på bloggen hennar her: http://namastefrakathmandu.blogspot.no/