Strikk Haugesokken!

Vil du strikke Hauge-sokken? Strikkeglade over heile Noreg vert no utfordra til å skape Hauge-sokken i Hauge-året 2021.Når vi vart spurt om dette, heiv vi oss rundt. Klart vi må ha vere med å markere Hauge-året med Hauge-sokkar! seier Hege-Therese Nilsen, husflidskonsulent i Hordaland Husflidslag.

Saman med representantar frå Samarbeid Menighet og Misjon/ HimalPartner (Kristin Austegard og Oddny Aspenes), Bymuseet i Bergen (Espen Kutschera), Bjørgvin bispedøme (Ragna Sofie Grung Moe og Vetle Karlsen Eide) og Kystmuseet i Øygarden (Bjørg Christophersen) har ho vore med i arbeidsgruppa for Hauge-sokken 2021. Øyvind Myhr frå Hillesvåg Ullvarefabrikk bidreg med garn og premiar.
Vil fremja forteljinga om Hans Nilsen Hauge

Vi vil la kreativiteten få fritt spelerom i denne konkurransen og samtid fremje forteljinga om Hans Nilsen Hauge, seier Hege-Therese Nilsen. Og ho legg til: Hauge, som vart fødd 3. april 1771 på Rolvsøy i Fredrikstad, er jo kjend både som gründer, samfunnsbyggjar og mykje anna. Det vil vi gjerne få fram i denne konkurransen. Vi ønskjer å få fram Hauge-sokken som eit symbol på arven etter Hans Nilsen Hauge og korleis han kombinerte «ande og hand».

Det er godt kjent at Hans Nilsen Hauge strikka i fengsel og på reiser i Noreg. Sannsynlegvis strikka han sokkar som var lette å ta med, lette å strikke og dei var eit heilt naudsynt klesplagg på turane hans. Sokkane i denne konkurransen skal kunne bli brukt av vaksne og born. Dei skal vere funksjonelle og gjerne i fleire fargar.

Særpreg og identitet – tradisjon og fornying – Vi ser etter sokkepar som speglar særpreget og identiteten til Hauge. Tradisjon og fornying er og to stikkord vi har med oss. Sokkane bør passa til både vaksne og born, seier ho, og legg til: Vi ønskjer med dette å fremja handverk og tradisjonar i heile Noreg i denne svært spesielle tida. Vi gler oss veldig til å sjå kva strikkeglade i Vestland fylke, ja i heile Noreg kan få til.

Hege-Therese Nilsen vil vere juryformann for konkurransen. Ho er for mange kjend både som ivrig strikkar frå Strikkenatta på NRK, som og er gjort tilgjengeleg på Netflix i USA. Ho er og kjend frå innslag på BBC og sveitsisk TV.

Arrangørane er Norges Husflidslag saman med Bymuseet i Bergen, Samarbeid Menighet og Misjon, Kystmuseet i Øygarden og Bjørgvin bispedøme og som har tatt initiativ til den store design- og strikkekonkurransen, saman med Hillesvåg Ullvarefabrikk. Strikkekonkurransen er ein del av den nasjonale 250-års markeringa for Hans Nielsen Hauge sin fødsel.

Hans Nilsen Hauge strikka sokkar. Ill. Asbjørn Tuft-Olsen
Kåring av vinnarar, utstilling og eit godt formål
Sokkane skal bli sendt til Kystmuseet i Øygarden innan 31. juli i sommar. Ein jury beståande av representantar frå arrangørane vil så kåre dei beste sokkepara under Hauge-dagane i Bergen 16. – 19. september 2021. Eit utval av sokkepara vil verta vist under Hauge-dagane og på Kystmuseet i Øygarden. Sokkane vil så vere vist på ei vandreutstilling og strikke-oppskriftene vil bli publiserte. Etter ein tid vil alle sokkane blir gitt til eit godt føremål. Vinnaren får ein pengepremie i tillegg til heider og ære.
Konkurransereglar

  1. Alle kan delta.
  2. Sokke-paret skal vere strikka i minimum 80% ull, helst garntypen «Fjell» frå Hillesvåg Ullvarefabrikk. Strikkefastheit 22/10. Garntypen «Fjell» består av 80% ull og 20% nylon, noko som gjer garnet slitesterkt og eit godt garn til bruk i sokkar.
  3. Utforminga må vere ny for denne konkurransen og ein lettforståeleg oppskrift må fylgja med.
  4. Innsendte sokkepar vert anonymisert og nummerert før overlevering til juryen.
  5. Inntil tre vinnarar vert kåra. 1. – 3. premie får eit gåvekort frå Hillesvåg Ullvarefabrikk i premie (1. premie: gåvekort på kr. 3.000,-, 2. premie: gåvekort på kr. 2.000,-, 3. premie: gåvekort på kr. 1.000,-). Andre sokkepar som utmerkar seg, kan få heiderleg omtale.
  6. Vinnarane vil bli gjort kjend under Hauge-dagane 16. – 19. september i Bergen.
  7. Eit utval av sokkane vil utgjere ei utstilling som vil få sitt første stopp under Hauge-dagane.
  8. Innsendte sokkar vert ikkje returnerte men gitt til eit godt formål peika ut av juryen.
  9. Arrangørane vil bli eigar av alle sokkane (inkl. oppskrift) og har med dette einerett til sal og marknadsføring av premierte sokkar og sokkar som får heiderleg omtale.
  10. Arrangøren vil lage strikkepakkar av vinnar-sokken for sal, i samarbeid med Hillesvåg ullvarefabrikk .
  11. Frist for innlevering: 31. juli 2021.
  12. Send ferdige sokkar med oppskrift til:
    Kystmuseet i Øygarden ved Bjørg Christophersen,
    Museumsvegen 9, 5337 Rong
    Merk sendinga: Hauge-sokken 2021.
    Juryen er sett saman av representantar frå arrangørane.
    For meir informasjon om konkurransen, sjå www.haugesminde.no/haugestrikk

Skrevet av juryformann Hege-Therese Nilsen, husflidskonsulent i Hordaland, Norges Husflidslag. E-post: hordaland@husflid.no. Mobil: 992 36 034.