5000 kroner frå Skodje

Skodje kyrkjelyd støttar eit misjonsprosjekt i Kathmandu, i samarbeid med HimalPartner. Ei bøsse har stått i daglegvarebutikkane. Det gav drøyt 5.000 kroner til gjenoppbygginga etter jordskjelvet i Nepal.

Dei siste vekene har kyrkjelyden hatt ståande ei bøsse ved kassa på Kiwi og på Coop Marked i Skodje med påskrifta: «Jordskjelv i Nepal». Det innkomne skal gå til gjenoppbygginga av landet etter det katastrofale jordskjelvet tidlegare i år.

Sist fredag vart bøssene opna, og pengane opptelte. Det kom inn heile 5040 kroner til dette hjelpearbeidet! Det var mest mynt, men også nokre store og små setlar låg i bøssene.

Vi vil rette ei hjarteleg takk til eigarane av dei to matbutikkane for velviljen dei viste, med at bøssene har fått stå ved kassa dei siste vekene. Like eins vil vi takke alle som har støtta dette viktige humanitære prosjektet ved å putte pengar i bøssene. HimalPartner har kontaktane i landet og kunnskapen om lokale forhold, som gjer at midlane blir godt utnytta. Det er ei glede for oss at vi kan få lov å hjelpe!

Venleg helsing Per Inge Vik, sokneprest i Skodje