54.000 kroner på fire timar

himalayatorg04

Det er blitt ein god tradisjon på Stord med Himalayatorg i Leirvik sentrum siste helga i oktober, i år for fjerde året på rad.

Det er HimalPartner si forening på Stord som arrangerer Himalayatorget.
himalayatorg01– I foreninga er me elleve damer som samlast til kveldsmat og handarbeid ein kveld annakvar veke gjennom året, fortel Barbro Høyland Andersen, som leiar foreninga. Til Himalayatorget er me heldige og får låne eit hyggeleg kafelokale i sentrum heilt gratis! Der opnar me kafé for ein dag, sel lodd, og har eigen salsavdeling med heimelaga varer. Også denne gongen strøymde folk på frå dørene opna, og både varer og kafémat gjekk unna. Då me stengde dørene fire timar seinare, hadde me fått inn over 54000 kroner til HimalPartner sitt arbeid!

HimalPartner takkar for ein fabelaktig innsats og for eit flott resultat, 13.500 kroner i timen!

himalayatorg03himalayatorg02