Ære være Gud i det laveste?

Tekst: Marita Bjørke Ådland

Ære være Gud i det høyeste, song englane. I boka Juleevangeliet er det Notto Thelle som foreslår versjonen over; Ære være Gud i det laveste. Det er eit fint perspektiv. Alle vinklingar som får oss til å sjå kjente tekstar på ein ny måte, ønsker eg velkommen. Eg trur vi treng det, og kanskje spesielt på juleevangeliet, fordi det på ein eller annan måte, og på eit eller anna tidspunkt blei så fylt av klisjéfulle bilder og idyll og sjarm når vi høyrer det lest, at eg trur vi mista litt av syne det vesle barnet. Det er sagt at Frans av Assisi lagde den første stallen i liten modell, slik vi kjenner det frå mange stover. Ikkje for å laga eit glansbilde, men for tvert om å gjera tydeleg det som var felles med mange av menneska i hans samtid på 1200-talet. Det enkle, det sparsomme, gjeterlivet, stallen – det var ganske vanlege menneske som opplevde dette underlege som hende i Betlehem. Poenget var å tydeleggjera at Jesus kom til oss, inn i vår verden.

«Gjør som Gud – bli menneske» stod det ein gong skrive på ein vegg i byn. Å bli menneske var Guds måte å nå fram til oss etter mange ulike forsøk. Gud måtte visa seg. Gud måtte vera blant oss. Og endå Gud kom i menneskeskikkelse, og endå vi kan ha fellesskap med Gud, klarer vi ikkje å vera menneske heilt slik vi vil det. Eller som Gud vil det. Slik er det i denne verda. Vi treng ikkje sjå oss veldig lenge rundt for å finna ut at den verda vi lever i, ikkje er perfekt. Og då tenker eg at det er to svar å søka på det vi ser. Vi kan enten tenka at Gud ikkje finst, eller vi kan tenka heilt motsett, at Gud må finnast, elles er ikkje all urettferda, all vondskapen og lidinga til å halda ut. Sjølv fell eg utan tvil ned på det siste. Og eg trur at hovudgrunnen til det er at vi har å gjera med ein Gud som er så nær oss, som tar våre liv, vår nød og våre prøvingar på alvor. Som kjem med gledesbodskap til alle, men kanskje særleg til dei som treng det aller mest; dei fattige, dei utsette, dei marginaliserte, dei som opplever undertrykking og vondskap. Gud kjem for å frelsa oss alle, men bodskapet er samtidig så tydeleg; at fangar skal setjast fri, at undertrykte skal få fridom og framtid. Og i forlengelsen av dette utfordrar også Gud dei privilegerte blant oss; til å ha vår teneste blant dei som treng det aller mest. Og det er jo nettopp det som har vore HimalPartners mål i 80 år. Vi er så heldige som får formidla evangeliet; om Gud som ikkje gir oss opp, om Gud som blir som oss. Om Gud som kjem i det stille, i det låge og til oss alle. Det vesle barnet ber med seg noko så stort at det ikkje er til å fatta. Og likevel er det nettopp det vesle barnet som får oss til å fatta litt av Gud. Det store i det vesle. Gjetarane hadde det slik, vismennene hadde det slik. Synet av Jesus endra livet deira. Dette vesle, sårbare barnet var noko heilt nytt. Det kom ikkje med makt og velde, men det kom i ein stall. Mitt hjarte er også ein stall. Og der blir Jesusbarnet fødd kvar dag.

La oss også våga å bli menneske. La oss våga å vera sårbare, våga å ha bruk for andre menneske, våga å ikkje vera perfekte heile tida. Vi er også som små, sårbare barn som treng omsorg. Og det veit Gud, for han har sjølv vore eit lite barn. Det er ikkje til å tru. Er det ikkje fantastisk?

(Foto: Shutterstock)