Fotvask og open heim

berta-marie-valle-wergeland

Berta Marie Valle Wergeland (66) frå Bergen er ei av dei vi møter på tunet på Rødde. Ho har vore på sommarstemne nesten 30 gonger.

Tekst og foto: Silje Yun Eng

– Eg kjem alltid attende – fordi det er godt og oppbyggeleg program, nytt frå dei som er ”ute”, og ikkje minst for å treffe venner. Fyrste gongen var i 1984 då ho og mannen Olav vart vigsla som utsendingar til Nepal.
Som utsendingar skulle Olav arbeide på to mekaniske bedrifter i Butwal. Eg ville i fyrste omgang halde ein open heim, både for naboar, kvinnegrupper og ikkje minst for dei åtte læregutane som budde i andre enden av det vesle huset vårt, fortel Berta.
– Minste guten vår var tre år, så eg var småbarnsmor i Butwal, og hadde dei to eldste på skulen i Katmandu. Det kosta i meste laget for både born og foreldre å vera ei dagsreis frå kvarandre!
Eg vart etter kvart ofte vikar for vertinna på gjestehuset og tok dei to siste åra del i den lokale kyrkja sitt barne- og kvinnearbeid. Det var lærerikt og rikt på fleire måtar å vera 28 misjonærar frå 10 land som delte gleder og utfordringar og bønnefellesskap i Butwal, minnest ho.

Ein stadig otte
Eg var budd på å møte fattigdom i Nepal, men ikkje i kor stor grad religionen prega og styrte livet til folk. For å kunne gjere «puja» (ofre) eller utføre religiøse ritual, sette folk seg ofte i gjeld. Mange levde i ein stadig otte for at ikkje gudane var nøgde. Og gudane var utallege og krevande!

– Kva betyr misjon for deg?
– Før eg kom til Nepal var mi oppfatning at det var å forkynne Guds Ord. Språkbarrierane i starten gjorde at det vart meir «å vaske» føter og prøve å vere eit føredøme, heller enn å forkynne. Me fekk ”plukka opp” og hjelpa nokre misbrukte jenter, spedalske og andre som trong det.
Vårt ynskje var at dei såra og sårbare som kom til vår dør, skulle kjenna varme og vennskap – og kanskje ana noko av Jesu inkluderande og tilgjevande sinnelag. Men språket er nøkkelen og måtte berre lærast!
Som eit apropos nemner ho ”misjonsmarka” som no er komen til Noreg, – språket kan me!

Trua mi blei ny i Nepal.
– Som prestedotter og oppvaksen i ein kristen heim har eg alltid vore truande. Men fyrste året i Nepal vart eg alvorleg sjuk. Ja, det sto om liv og død i ”Black water malaria”. Eg tok farvel med tre born attmed senga, – då er det alvor!
Misjonærane på feltet samla seg i vår vesle stove og bad, det same gjorde borna på 9 og 12. Eg tålte knapt å høyra lyden av dette gjennom veggen, eller vifta i taket, på grunn av smerter. Eg var ikkje i stand til å sitja i bil til sjukehus, men ein dyktig indisk lege blei henta, og han var ikkje i tvil om diagnosen. Midt under dette fekk eg ein fred frå Gud. Sidan dette, har ikkje trua vore ”ein religion” men eit levande samfunn med min Herre Jesus! Trua mi blei ny i Nepal.

Endringar
– Har HimalPartner endra seg gjennom dei åra du har vore medlem?
– Utsendingane har alltid formidla misjon gjennom å vere medvandrarar. I vår første periode
var me del av eitt større fellesskap i United Mission to Nepal (UMN), med 400 utsendingar frå 20 ulike land, som representerte 40 kyrkjesamfunn. Likevel opplevde eg at me hadde felles mål og hadde eit godt bønefelleskap. I dag blir det arbeidd på andre måtar og med andre ”reiskap”.
Partnertanken er nok nyttig og nødvendig, men det kjennest litt utilnærmeleg for fotfolket, tenkjer Berta. – Det er fantastisk at Nepal er eit av landa i verda der evangeliet om Jesus frå Nasaret går fortast fram! Vennskaps-evangelisering og teltmakararbeid er gode vegar framleis.
Det er ikkje det viktigaste om innfødde eller utsendingar frå ymse land, forkynner evangeliet, men at stafetten går vidare om Han som er VEGEN, SANNINGA og LIVET!

– Min Herre kom nær og gav meg ny trusvisse i Nepal. Det eg fekk, har aldri tørka ut. Det var ei kjelde med Levande Vatn! strålar Berta Marie frå Bergen.