Funksjonshemmede og yrkesopplæring
Nepal: «How to include persons with disabilities in development and humanitarian work». Dette var tema på eit seminar i Katmandu 16.- 17. januar, arrangert av Den Norske ambassaden og fleire norske organisasjonar; Plan, Digni, SINTEF, ADRA, Forut, NFU og Atlasalliansen. Biletet: Nokre av deltakarane på seminaret.
Solveig Abelone Midtgarden er HimalPartner sin landkoordinator i Nepal. Her er eit utdrag frå hennar fyrste nyhendebrev i 2017.
HimalPartner sine samarbeidspartnarar i Nepal blei inviterte til to dagar NGO-seminar. Her blei nye kontaktar etablert, me fekk informasjon om kva fokus myndighetane har på tema og det blei nyttige diskusjonar og “workshops”. Våre partnarar har gitt tilbakemelding på at dei sette pris på seminaret, og er takksame for ny input og «capacity building». Dei blei inspirerte til å ta med seg det dei lærte tilbake til sine miljø og prøve å inkludere dette meir i arbeide sitt. Dei ser fram til å dele kunskapen med sine kollegaer.
Partnarane våre som deltok; Early Childhood Education Center (ECEC), Education Horizon Nepal (EHN), KOSHISH og United Mission to Nepal (UMN), er alle opptekne av å integrere og inkludere menneske med ulik funksjonshemning. Som heime er det mange utfordringar her i høve til holdningane ute i samfunnet. Samarbeidet med myndighetane er tungt og dei møter mykje motstand i dette arbeidet. Likevel blir det gjort utruleg mykje godt arbeid rundt om i distrikta over heile landet. Her er hundrevis av NGO’ar med engasjerte, dyktige medarbeidarar, som reiser rundt og gir kunnskap og veiledning til folk som bur i landsbyane. Det er blitt ein meir medviten holdning om at menneske med funksjonshemning har same verdi som andre, sjølv om det er langt att. Etter kvart som folk har fått meir kunnskap om rettighetar og mulighetar, ser ein at samfunnet må leggje til rette i mykje større grad og myndighetane må spele på lag.
Etter avslutta seminar, fekk eg anledning til å ha med to representantar frå ADRA Norge og ein representant frå Digni til Butwal tekniske institutt (BTI). Me fekk omvisning på skulen og snakka med ledelsen om vidare utvikling av og satsing på “vocational training”, – yrkesopplæring. Det er eit skrikande behov for meir fagopplæring i Nepal og det blir viktig å satse på utdanning for ungdom til eit arbeidsliv i Nepal og å førebyggja at fleire unge reiser utanlands. Store mengder med ungdom reiser frå Nepal for å jobbe m.a. i Midtausten. I nokre landsbyar er det kun att eldre og unge småbarns-mødre.
Me besøkte og Kathmandu University og såg på deira yrkesopplæringstilbod Technical Training Center (TTC). HimalPartner skal i samarbeid med KU gå i gang med eit prosjekt som heiter RECIPE (Resource Centre for Innovation, People and Energy), – ein utvida teknisk fagskule i område med potensiale for vasskraftutbygging som skal koble utbyggjar med lokalbefolkningen og vere med å bidra til sosio-økonomiske fordelar for heile lokalsamfunnet.