Håp om ei betre framtid

Nepalfryser_nett

Det var som om tida stoppa opp for mange i Nepal etter det store jordskjelvet 25. april 2015. Skjelvet vart målt til 7,8 på Richters skala. Mange kjente det som om dei var sette hundre år tilbake i tid.

Tekst: Elisha Shrestha – til norsk ved Øystein Ådland

Håp og tru var det einaste dei hadde å stola på. Dei hadde ingenting dei kunne kalla sitt eige. Og medan folk prøvde å komma på fote att, kom ei ny tragedie i form av ei politisk krise: Ein blokade ved den indiske grensa, som varte i 135 dagar. Dette førte til mangel på drivstoff og medisin i dette sårbare landet ved Himalaya.
Spelet mellom desse to nabolanda hadde sin grunn i at India var misnøgd med den nye nepalske grunnlova, noko som fekk konsekvensar for vanlege folk i Nepal. Blokaden ved Birgunj grensestasjon vart oppheva 5. februar. Etter fem månader vart det gitt løyve for tankbilar og lastebilar å komma inn i Nepal. Men framleis slit folk med å komma tilbake til den normale kvardagen.

Vanskeleg å vera student
Side 4-5 Sak 1 Bilde 2 Manil ShresthaManil Shrestha er bachelor-student ved Kathmandu University. Han fortel at han er letta over at blokaden er slutt. Dagleg vart det venting i timevis på buss for å komma seg til studiestaden i Dhulikhel.
– På grunn av dieselmangel kom det gjerne berre nokre få overfylte bussar som skulle til Dhulikhel inn til busstasjonen, seier Shrestha. Han legg til at den akutte dieselmangelen har ført til at studentane ikkje lenger får student¬rabattar.
– Men no, når det har vorte lettare å få diesel, er denne student¬rabatten kome tilbake, seier han. Mange skular rundt i heile landet måtte faktisk stenge skulda drivstoffmangelen. Somme var stengde meir enn fem månader. Vårt college måtte utsetja planlagde eksamenar som følgje av blokaden, fortel Shrestha oss.

Folk slit
Side 4-5 Sak 1 Bilde 3 Ashmita RijalFolk flest sleit for å få endane til å møtast. Mangelen på viktige daglegvarer som matolje, sukker, ris, krydder og anna, førte til voldsom prisauke.
– Butikkeigarane selde varer til meir enn det doble av vanleg pris, og me hadde ikkje anna val enn å betala det dei bad om, seier Ashmita Rijal, ei husmor frå Lalitpur-distriktet. På same måten førte mangelen på gass til store vanskar for mange nepalesarar.
Rijal fortel at ho gjerne måtte venta mellom åtte og tolv timar til straumutkoplinga var til ende, slik at ho kunne nytta ein elektrisk omn til matlaginga.
– Eg kjende det som om me levde i ei primitiv tid, – utan straum og transportsystem. No når blokaden er slutt, kjem tilgangen på gassylindarar, drivstoff og daglegvarer gradvis tilbake til det normale, seier Rijal.

Verst for dei fattigaste
Menneske med låg inntekt, og ofre for det øydeleggjande jordskjelvet siste året, vart verst ramma av blokaden på grensa mot India. Rima Joshi bur i landsbyen Lubhu i Lalitpur-distriktet. Etter at jordskjelvet øydela huset hennar, vart ho heimlaus. No har ho levd i ti månader i eit provisorisk telt saman med familien.
– Me fekk noko mat og anna me trong for det daglege livet frå styresmaktene. Men dei siste fem månadane har ingen spurt etter korleis me har det. Og sjølv om eg høyrde at blokaden var avslutta, merka eg ikkje serleg skilnad i min situasjon, beklagar Joshi seg.

Håpar på styresmaktene
Ho håpa at styresmaktene ville hjelpa dei med rehabiliteringa etter jordskjelvet. Mangelen på drivstoff er framleis merkbar, sjølv om fullasta tankbilar kjem uhindra over grensa. Lange køar med folk som ventar på å få fylla drivstoff, har vorte eit vanleg syn i hovudstaden.
Side 4-5 Sak 1 Bilde 2 Madan Krishna ShresthaMedan den politiske leiinga er travelt opptekne med forhandlingar, prøver folk flest å klara seg som best dei kan, og klamrar seg til håpet for framtida. Sjølv om verknaden av grenseblokaden er langt meir øydeleggjande for økonomien i landet enn sjølve jordskjelvkatastrofa, håpar folk på ei betre framtid.
– I løpet av blokaden var det ein skremmande atmosfære rundt oss. Skular var stengde på grunn av drivstoffkrisa, fabrikkar vart lagde ned, prisane på daglegvarer for til himmels, den svarte marknaden var heilt utan styring, og berre eit fåtal køyretøy var å sjå i gatene. Me levde som i konstant mental tortur, seier Madan Krishna Shrestha. Han er rektor ved ein privat skule i Kathmandu.

Side 4-5 Sak 1 Hovedbilde alt 2 WewillraiseagainLangsiktige løysingar
Shrestha trur styresmaktene vil finna langsiktige løysingar på desse vanskane, sjølv om det vil ta tid. Shrestha legg til at det nepalske folket har høg toleevne. Dei har funne seg i daglege vanskar i form av straumutkopling, vanskar med vasstilførsla, og høg arbeidsløyse i lang tid, men blokaden gjorde berre situasjonen verre.
Politisk ustabilitet og dårleg diplomati har lært folket i Nepal å tilpassa seg og finna det som er mogeleg i deira situasjon.