Historisk i Nepal

Dei siste vekene har me opplevd nepalsk historie. Landet fekk sitt «17. mai 1814» denne månaden. Eg sit i Pokhara, neststørste byen i Nepal. Her har me vore sidan først i september. Og me har hatt det fint på alle vis, trass i både varme og høg luftfukt i monsuntida.

Av Øystein Ådland, Pokhara.

Og så fekk me oppleve at Nepal skreiv historie. Onsdag 16 september gjorde grunnlovsforsamlinga vedtaket om den nye grunnlova. Vedtaket vart gjort med 507 stemmer for og berre 25 stemmer imot. Nokre heldt seg rett nok borte frå voteringa i protest. Sundag 20 september var sjølve «17.mai-dagen». Då vart grunnlova underteikna.

Ein føderal, demokratisk republikk
«Vi har godkjent ein føderal, demokratisk republikk, og det er ikkje ei daglegdags hending,» seier leiaren for Maoistpartiet UCPN til avisa The Kathmandu Post. Sjølv om det er dei som alt no har starta argumentasjon for endringar av konstitusjonen, er dette den rådande oppfatninga mellom folk flest i dette landet, som eigentleg har venta sidan 1948 på ein slik demokratisk konstitusjon. Regjeringa hadde lyst til denne sundagen og måndagen som offentlege høgtidsdagar med markeringar over heile landet. Nokre demonstrasjonar og trefningar vart det desse dagane, men etter det avisene skreiv, vart ingen drepne i samanstøytane. Og det var festlege markeringar mange stader rundt om i landet.

Ein sekulær stat
Det er første gongen i landet si historie at ei grunnlov har vorte skrive og vedteke av ei forsamling av valde representantar av folket. Politiske leiarar uttaler at dette er det største dei har opplevd i si politiske karriere. Avisene fortel om gledesscener i forsamlinga etter vedtaket. Landet skal no vera ein føderal demokratisk republikk.
Det tidlegare hinduistiske kongedømmet er borte for alltid, meiner fleirtalet. Her ligg kimen til usemje i dag, og vil nok vera slik i lang tid frametter. Eit av punkta i grunnlova som vert diskutert, er at landet skal vera «ein sekulær stat». Ulike grupper legg gjerne sitt innhald i omgrepet, og ikkje minst sterke røyster mellom hindu-politikarar meiner dette er å bryta med det som har vore og må vera Nepal: ein hindu-stat. Draumen er at verdas einaste hindustat skal vera nett Nepal. No er det vedteke at landet skal vera ein sekulær stat. At mindre grupper då vil gjera dette om, eller vil opptre som om dette ikkje står, gir grunn til uro. Historia i dette landet syner at slikt kan skapa både ugreie og opptøyer. Meir enn 40 menneske har misst livet berre siste året som resultat av slike opptøyer.

India blokkerer grensa
Det internasjonale samfunnet pustar letta ut over at grunnlova endeleg er på plass i Nepal. Eit land er unntaket: India. Alt same dagen grunnlova vart vedteken gav landet uttrykk for at dei lika lite det dei omtala som «innslag av vald med død og skader som resultat i regionar i Nepal som grensar til India. Dette som følgje av kunngjeringa av konstitusjonen.» Seinare har dei også uttrykt uro over situasjonen for indisk næringsliv, serleg transportørar i desse regionane. Kva som eigentleg ligg under det som etter kvart vert opplevd som grenseblokade frå India si side, er vanskeleg å seia. I uttale til media seier indiske leiarar at Nepal kunne unngått dette ved at det politiske leiarskapet tok nødvendige steg og gjorde det som skulle til for å unngå uro. Resultatet kjenner alle i Nepal på no: mangel på oljeprodukt, først og fremst drivstoff. Drosjer, bussar og privatbilar får kjøpa sine kvotar. Dei strekk ikkje til.

Me skulle praia ei drosje. Haldeplassen som brukar vera full av bilar og sjåførar har tidlegare vore ein plass for ein prat. No var det tomt. Ei drosje med to passasjerar stogga. Kva me skulle? Me sa det. «OK, eg tek dykk med. Eg har plass til ein til.» Det har me ikkje opplevd før. Slike utslag kan drivstoffmangelen få. Storpolitikk på lokalplanet på ein drosjehaldeplass.

(Kjelde: The Kathmandu Post, Kathmandu)