Livslyrikk: Ordet og bordet

NattverdI vin og brød er liv og ikkje død
I Ordet er det trøyst i all vår nød.
I fellesskapets omsorg får vi be,
der kan vi sørgja og der kan vi le.
I kyrkja er det rom for alt vi er
og vi får også kjenna Du er der.
Vi strekker våre opne hender fram
og bed om smak og glimt av deg, Guds lam.
Vi samlar våre hender som ein kopp
og ber at Du må fylla koppen opp.

Alt det vi kjenner, har du også kjent
for Du var menneske til jorda sendt.
Og difor vågar vi å komma nær
den heilagdomen som Du også er.
Så tek vi med oss krafta frå ditt bord
og lever i din kjærleik her på jord.

Side 22 Sak 2 Bilde 1 LivslyrikkMarita Bjørke Ådland er prest i Slemmestad, mor til tre, medlem i landsstyret og glad i å skriva. Ho er Tibetaneren sin husdiktar.