Misjonsmannen

Det var lærar han skulle bli, Terje Holmedahl. Tre år på lærarskulen på Hamar var første skritt på vegen. Der møtte han Annelis. Kjærleiken sendte den unge mannen frå dei indre skogar til Bergen. Det var i Bergen han møtte sin andre store kjærleik; misjonen.

Tekst: Marita Bjørke Ådland – Foto: HimalPartner arkiv

Det blei sivilteneste og informasjonsjobb i Bergen krets av Santalmisjonen, – der blei Terje i fire år. Sitt første møte med Tibetmisjonen fekk Terje gjennom sin kollega Reidar Høyland, som fortalte om spennande ungdomsleir og sommarstemne. Det blei ein lang omveg før Tibetmisjonen skulle bli Terjes heimebane. Men heile tida har det handla om misjon. Heile tida har det handla om andre menneske. Heile tida har det handla om å ufordra seg sjølv, utfordra sine medarbeidarar – og å bli utfordra. Terje trekker fram sjefen sin, Heidi Westborg Steel, som utfordrar og heile tida drar både Terje og organisasjonen framover, som bygger nettverk, som tenker nytt, som løfter fram misjonen både som fag, som relasjon og som kjærleiksforhold.

Terje, som i desse dagar går av med pensjon, kjem med ein aldri så liten betroelse der vi sit ved kafébordet midt i tjukkaste Oslo; «Det er litt deilig når sjefen er borte på kurs. Da kan vi puste ut og lene oss bittelitt tilbake». Underteikna tvilar vel på om Terje lener seg tilbake veldig lenge om gongen. Terje struttar av energi, og hans alltid blide og glade smil og hans imøtekommande vesen får meg vel til å tenka at også han har inspirert sine medarbeidarar.

Og er det noko vi treng, vi som driv med misjon, er det overskudd, gnist og arbeidsglede. For hausten er stor, og arbeidarane blir stadig færre. Eller, det vil seia, vi tenker litt annleis om misjon i våre dagar enn det vi gjorde på sytti- og åttitalet. Og Terje har vore med på heile denne reisa. Og han har også vore ein strateg på denne reisa. Som leiar av internasjonal avdeling i Santalmisjonen i den store fusjonsprosessen med Indremisjonsselskapet var han med på å forma den nye misjonsvirkeligheten i Noreg. Det var krevjande år og spanande år.

Terje har sett og kjenner betre enn dei fleste mange sider ved misjonsvirkeligheten; han har vore misjonær sjølv, han har jobba i både Santalmisjonen, Normisjon og HimalPartner og, ikkje minst, han har erfart kva det inneber at eigen familie blir involvert. At dei store vala mange misjonærar har tatt, har kosta for både familie og vener. Om vi spør om det var verdt det, kan det vera vrient å svara på det. Ein svarer ikkje berre for seg sjølv, men har med seg fleire fasetter av kva konsekvensar misjonsengasjementet har hatt for heile familien. Dei erfaringane Terje gjorde seg med eigen familiesituasjon, krevjande flytteprosessar, å bli røska opp med rota fleire gongar, men også gode og fantastiske minne som ingen ville vore utan – det fekk han nytte av då han jobba som personalkonsulent i Santalmisjonen med rekruttering og screening av familiar i prosess fram mot teneste. Terje kan misjon, og Terje kan og ser dei fleste sidene ved det å vera i misjonens teneste: både dei lyse og gode sidene og dei som i etterkant kanskje har ein litt mørkare valør.

Lærarkarrieren fekk aldri høve til å ta heilt av. Terje kan notera seg om lag 2 år som lærar i norsk skule, og det var rasande kjekt, skal vi tru han sjølv. Det er vel ikkje tvil om at norsk skule mista ein framifrå lærar til misjonen. Men til gjengjeld fekk misjonen ein framifrå lærar. Terje trekker fram at nettopp lærarutdanninga har vore nyttig og relevant også inn i misjonens teneste.

For oss som kjenner Terje og er venn med han på Facebook, er det ingen hemmelighet at Terje er fryktelig glad i kona si, Annelis. Ein morgon på åttitalet vaknar dei opp og ser på kvarandre og seier: «Kanskje det var vi som skulle dra til Bangladesh?» På denne tida jobba Terje som kretssekretær i Romerike krets av Santalmisjonen, og var med i eit omfattande rekrutteringsarbeid for å skaffa nye utsendingar. Så blei det altså han sjølv som drog. Og Annelis. Og tre små gutar. Det blei sju og eit halvt år i Bangladesh, – fine år og krevjande år, og år som gav gode og nære venner.

I min samtale med Terje opplever eg at det oppsummerer hans liv som misjonsmann; det er fint, det er krevjande og det handlar om å møta menneske. For når eg spør Terje om kva som er det viktigste i misjonen, er svaret dette: At menneske skal møta Jesu kjærleik, og at vi som menneske skal vera reiskap for Guds kjærleik der vi er – enten det er i Bangladesh eller i Bergen, i Aserbajdsjan eller Aurskog-Høland. Det handlar om at menneske skal kjenna oss att, som menneske, og som Jesu etterfølgarar, som Jesu hender og føter. Relasjonar er viktig. Det handlar om at dei menneska vi møter, skal bli møtt av nokon som bryr seg. Og det handlar om at menneske skal få utvikla sitt potensiale.

Terje er heil ved. Terje er folkeleg og samtidig tydeleg. Han er blid og utadvent. Og samtidig litt sjenert. Påstår han sjølv i alle fall. Men når det gjeld å be om pengar i misjonens teneste, så er det ikkje snev av sjenanse å spora. Difor var det lita tvil om at HimalPartner var rett plass for Terje då han for seks år sidan såg stillingsannonsa som innsamlings- og informasjonsleiar i HimalPartner. Og resten er historie. Terje har hatt sin jobb og sin heim i HimalPartner dei siste seks åra. Vi som har fått bli kjent med Terje som informasjons- og innsamlingsleiar og som venn gjennom desse åra, er kanskje blitt litt fattigare økonomisk sett, men vi har blitt rikare på gode opplevingar, på gode samtalar og på engasjement for den verda vi er ein del av.

Terje er ein foregangsmann og eit førebilete for oss alle. For Terje er misjon ein del av det å vera menneske. Å engasjera seg for andre er heilt naturleg. Og engasjementet held fram også når han og Annelis no trer inn i pensjonistanes rekker. Til hausten skal han rydda huset og flytta til Bjørkelangen. Men misjonsengasjementet blir heilt sikkert med på flyttelasset!