Møte mellom Norheimsund og Nepal

Gudstenesta i Vikøy kyrkje palmesundag vart eit møte mellom Norheimsund og Nepal, fortel Øystein Ådland. Malati Pandey frå Nepal inspirerte med sitt vitnemål.

Malati i Norheimsund2_besk ØÅGudstenesta i Vikøy kyrkje palmesundag vart eit møte mellom Norheimsund og Nepal.

Fungerande sokneprest Roar Strømme gjorde teneste. Malati Pandey frå Nepal kom med sitt vitnemål om korleis livet hennar hadde vore, korleis ho vaks opp, korleis trua hennar er i dag.

På kyrkjekaffien, etter gudstenesta, fortalde ho om arbeidet sitt med å gje førskuleborn ein betre skulekvardag tolka av Tore Skeie (biletet). Ei fullsett kyrkje fekk dette møtet med Nepal, med situasjonen i landet etter jordskjelvet, og om arbeidet med undervisning og opplæring.
Kyrkjelyden svara med 15.125 kroner i offer til HimalPartner!

Tekst og foto: Øystein Ådland