Nepal har stort potensial

Illustrasjonsfoto Marianne Næss Norheim

Å få elektrisitet, om ikkje meir enn til 3-4 ljospærer i ein heim, gjer ein stor skilnad i forhold til å berre ha oljelampe, stearinljos eller ei lommelykt til å hjelpa seg med når det vert mørkt i sjutida om kvelden. Illustrasjonsfoto Marianne Næss Norheim.

Side 3 Sak 1 Bilde 1 Tor Inge HavrevollAv Tor Inge Havrevoll, Landsstyremedlem

Kvart år sidan 2009 har eg reist til Nepal. Det er store kontrastar mellom livet folk i grisgrente strok lever, i til dømes i Khotang og Sankhuwasabha og levevilkåra for dei som bur i byar og tettbygde strok som på slettelandet Terai eller i Katmandudalen. Mange menneskje er utan kjørbart vegsamband og omlag ein fjerdepart av innbyggjarane i Nepal har framleis ikkje tilgang på elektrisitet.

Elektrisitet gjer ein stor skilnad
Å få elektrisitet, om ikkje meir enn til 3-4 ljospærer i ein heim, gjer ein stor skilnad i forhold til å berre ha oljelampe, stearinljos eller ei lommelykt til å hjelpa seg med når det vert mørkt i sjutida om kvelden.

Som bygningsingeniør, med lang erfaring frå vasskraftbransjen, er eg oppteken av at det enorme potensialet landet har til å skaffa seg energi, vert utnytta. Om me ser tilbake på historia i vårt eige land, ser me at utviklinga frå eit bondesamfunn til ein velfungerande industrinasjon heng tett saman med utnytting av energi, – vasskraft og olje.

Treng kompetent arbeidskraft
Det er viktig at Nepal har ein lokal industri som kan ta del i kraftutbygginga som vil skje i åra framover. Skal dei lukkast med det, treng dei arbeidskraft med god kompetanse. Då må også grunnskuleutdanninga halda mål, – noko den mange stader ikkje gjer. HimalPartner si støtte til prosjekt som gir lærarar pedagogisk utdanning, opplæring av fagarbeidarar og stimulering til entreprenørskap er derfor viktig.

Skapa arbeidsplassar
Det er viktig at vasskrafta vert nytta til å skapa arbeidsplassar i eige land. Mange produkt som i dag vert importert frå India og Kina kunne blitt produsert i Nepal om ein hadde tilgang på meir energi og betre yrkesutdanning.

Å produsera varer til innanlands forbruk er bra, men det er også nødvendig å produsera varer for eksport. Ved å eksponera produkta sine på verdsmarknaden vil dei få tilbakemelding om kvaliteten held mål, og stimulera til auka innsats for heile tida å bli betre.