Piloten fekk stoppa ritual

Side 10 Sak 1 Bilde 1 George

– Eit av høgdepunkta på turen vår til Nepal i november, var møtet med George, ein av læregutane frå Butwal, skriv Ragnhild Skeie. Etter meir enn 30 år var det fint å møtast og høyre den utrulege historia hans. Biletet: George saman med Ragnhild og Tore Skeie.

Tekst og foto: Ragnhild Skeie

Etter læretida på det tekniske instituttet i Butwal (BTI), gjekk han vidare på skule og klarte på ei vis å koma seg til Texas der han tok pilotutdanning. For ein lågkaste-gut er dette ein prestasjon i seg sjølv, dei har som oftast mange ekstra hindringar på vegen mot høgare utdanning.

George Everest
Under studietida i USA vart han kristen. Tilbake i Nepal skifta han namn, slik mange frå lågkastane gjer. Namnet røper med ein gong kva kaste ein kjem frå, og mange opplever framleis diskriminering.
I dag er han kaptein på Nepal Airlines sine Boeing 737, – og ber namnet George Everest! Vegen dit har vore kronglete, men det er fantastisk å høyre han fortelje om livet sitt.

Stoppa ofring på flyplassen
Tidlegare jobba han 12 år som flygar på Nepal Airlines sine innanlandsfly. Han fortel om ei litt spesiell oppleving nokre år tilbake. Kvar Dassai, den store årlege hindufestivalen, blir bøflar, geiter, høner, alt etter økonomi, ofra og blodet stenka på alle framkomstmiddel – også fly. Dette året var han på flyplassen i Nepalganj, ein av dei store byane på låglandet, då dei skulle i gang med ofringa. Han meinte at denne skikken ikkje hadde noko med flytrafikk å gjera og gav beskjed om at dersom dei sprøyta blod på hans fly, måtte dei finna ein annan kaptein til å fly vidare. Etter litt diskusjon fram og tilbake, enda det med at flyhjula ikkje blei rørt, og både dyr og blod blei fjerna frå flyplassen.

Vann fram
Etter denne hendinga skreiv han til dei luftfartsansvarlege og bad om at denne skikken måtte avviklast. Han hadde all respekt for religion, men meinte at skikken med å smørje blod på flyhjula ikkje hadde noko med verken nasjonal eller internasjonal flytrafikk å gjera og at religion ikkje skulle påtvingast andre gjennom slike offentlege rituale. Han vann fram med argumenta sine, og ofringane på flyplassane blei det slutt på.

George er ein av få lågkastegutar som gjennom hard jobbing og mot alle odds har klart å nå til topps! I dag har han hus og familie i Kathmandu og er aktiv i ei av kyrkjene her. Butwal Tekniske Institutt vart ein døropnar til eit nytt liv og me gler oss inderleg saman med han.  Mirakel skjer!!