Regnet hindrar byggestart

side-16-sak-1-bilde-1

– Den største utfordringa i gjenreising av skular i Nepal er uframkommelege vegar, skriv Solveig Abelone Midtgarden. Ho er HimalPartner sin landkoordinator i Nepal.

side-3-sak-1-portrett-solveig_liteTekst: Terje Holmedahl
Foto: Solveig Abelone Midtgarden

HimalPartner er utfordra av United Mission to Nepal (UMN) til å vera med og byggje opp att fire skular i Dhading distrikt. Teikningar og planar er på plass, bygningsfolka er klare, materiale tilgjengeleg, og pengane har byrja komma. Takk til dykk som har gjeve og som skaffar pengar på ymse vis! No er ein langdryg monsun den store utfordringa.

Ødelagt skole i Ree_UMN_liten

Mange skular vart øydelagde i jordskjelvet i 2015. Framleis skjer undervisninga i skur som det til høgre i biletet.

Uframkommelege vegar
– Det var ein av dei fine dagane i slutten av september, skriv Solveig (biletet til høgre). Ho skulle til Dhading, til landsbyen Madhi og evaluere eit av prosjekta. Monsunen har vore langdryg i år. Det har vore gråe, tunge dagar og mykje nedbør. I avisene les me dagleg om jordskred og folk som omkjem, om evakuering frå landsbyar og stengte vegar.
Eg var førebudd på dårlege vegar, men hadde ikkje fantasi til å vite kva som møtte oss. Det var greitt for meg å oppleve kva våre partnarar strir med til kvardags. Sjåføren var ein helt, brøyta seg fram, sette seg fast, klora seg inn att på vegen, fylte spora med stein, tre og lauvverk, spadde nye spor, hang ut av bilvindauget og ratta seg framover. Men det enda med at bilen sette seg fast, me tok beina fatt med lommelykta på hovudet og kom fram til gjestehuset etter halvanna time.

Folk får ikkje pengar til å byggje opp heimane sine.
– I Dhading trefte me folk som kom ned til byen frå landsbyane for å få pengar dei var lova frå styresmaktene til å byggje nye hus, skriv Solveig Abelone. Folk meiner dei må få bruke pengane til å betale ned gjeld dei har etter jordskjelvet. Ei dame hadde bygd eit enkelt hus og hadde eit lån på 100.000 rupees. No skulle ho få 50 000 frå styresmaktene. Dei ville ho bruke til å betale ned gjeld og til å kjøpe klede til ungane. Styresmaktene held på at pengane må brukast til å byggje nytt, ellers får dei ikkje utbetalt det resterande beløpet
Dette ser ut til å bli endå ein kald og vanskeleg vinter for mange, konkluderer Solveig Abelone Midtgarden

Støtt kampanjen «Gjenreis Nepal!»