Skap arbeid i Nepal

Bilde 1 AllVerdas

«ALL VERDAS gåver og bruksting» er ein nettbutikk og ein fysisk butikk på Nesflaten i Suldal kommune. Her er varer du ikkje finn i andre butikkar. Butikkeigar Wenche Haugen Havrevoll har eigen import direkte frå Nepal og fleire andre land.

Tekst: Terje Holmedahl – alle fotos: Wenche Haugen Havrevoll

Wenche har vore i Nepal mange gongar no, og ho har opparbeidd ein sterk relasjon til landet og folket der. Butikken er på garden der Wenche bur og er open sju dagar i veka. Det starta med nepalvarer, men no sel ho og varer frå mange andre land, til og med frå nabolandet Sverige.
– Ved å ha eit breitt vareutval, får eg òg ein større marknad for dei varene eg aller helst vil selja, seier den engasjerte butikkeigaren.

Kva hjelp er den beste?
– Nepal er eit fattig land og dei siste par åra har vi sett kor sårbart dette samfunnet er når katastrofene råkar. Kan vi ikkje heller gje pengane direkte til dei fattige?
– Det nepalarane treng er trygge arbeidsplassar! Det er mange i Nepal som har noko å selja, og eksport fører til utvikling for den einskilde, av bedrifter og samfunnet, seier Wenche. Vi som skal kjøpa for å selja i ein utanlandsk marknad, stiller krav, – krav til kvalitet, design, nøyaktigheit og punktleg levering. Folk treng arbeid, og når det vert stilt krav til dei, fører det dei framover og gjev utvikling. Det er samfunnsutvikling i dette. Når katastrofen råkar, må vi trå til med naudhjelp, men i kvardagen er det ikkje milde gåver folk treng.
Vårt samfunn er bygd på jobbskaping og marknadsøkonomi. Det gjev mat på bordet, utdanning og helsetenester. Det er akkurat det same som skal til for å utvikla det nepalske samfunnet.

Vil gjera ein skilnad
– Det er mange som er engasjerte i arbeidet med å hjelpa Nepal og dei fattige som bur der, men det overraskar meg at ikkje fleire tenkjer over kor viktig det er å kjøpa produkt frå Nepal og slik bidra til å skapa arbeidsplassar. All verdas har annonse i Tibetaneren nettopp fordi lesarane her er opptekne av å gjera ein skilnad i eit land som Nepal. Eg høyrde den norske ambassadøren i Katmandu snakka på eit møte i haust: Den beste forma for bistand er handel, sa også han.

Bilde 2 Produksjon– Då vi var i Nepal i haust, besøkte vi ein organisasjon for kvinner med nedsett funksjonsevne. Dei bur og arbeidar i lag. I tillegg driv dei opplæring av kvinner som så reiser tilbake til landsbyane sine med ein forretningsidé og med moglegheit til å gjennomføra han. Eg kjøpte m.a. 200 bordskånarar frå dei, og vil gjerne bestilla fleire varer. Men det kan eg berre om eg har nok kundar. Eg ser det med eigne augo, mine innkjøp er med på å gje arbeid til mange som elles ville hatt eit mykje vanskelegare liv.

– Kva kan så Tibetaneren sine lesarar bidra med?
– Forutan å sjå innom nettbutikken, der ein også kan skriva seg på nyheitsbrev, eller å koma i butikken, om det er mogleg, så treng eg hjelp til marknadsføring. Kommenter, lik og del på Facebook. Det er til stor hjelp, og det er berre nokre tastetrykk som skal til, seier ein oppglødd butikkeigar. Det handlar som alltid om mange bekker små, dei blir til ei stor å!

En dag i mai er det åpen gård og mange aktiviteter hjemme hos Wenche og Tor Inge Havrevoll.

En dag i mai er det åpen gård og mange aktiviteter hjemme hos Wenche og Tor Inge Havrevoll.

Fakta:
Nettadressen www.allverdas.no
Facebook-adressen: https://www.facebook.com/allverdas/
Instagram: allverdas