Tilspissa for dei kristne

kristne_illustrasjon_th_nett

Nepal: Ein les i avisene om situasjonar kristne kjem oppi, høyrer rykte om episodar. Folk ein møter seier litt forskjellig om korleis dei kristne i Nepal har det. Landkoordinator Solveig Abelone Midtgarden ville finne ut meir. (Illustrasjonsfoto: Terje Holmedahl)

Tekst: Solveig Abelone Midtgarden

SONY DSC

Foto: Silje Yun Eng

Pitamber Neupane (bildet) har teologisk utdanning og leiar lærerutdanningsavdelinga på Early Childhood Education Center (ECEC). Han fortel at det er strøymingar i folket, spesielt blant nokon høgt oppe i systemet, som er radikale og som ynskjer ein rein hindu-stat. Dei er under påverknad frå India og vert drivne av ei frykt for at det skal bli for mange kristne i landet. Dei er redde for at talet på dei som konverterar til kristendom skal auka.

Anklager om «kjøp» av kristne
– Somme meiner at pengar kjem frå Vesten blir brukte ovanfor fattige som eit middel for å kristne dei, seier Pitamber. I samband med hjelp som kom frå Vesten etter jordskjelvet, til dømes, blei det i nokre tilfelle funne biblar. Det blei reagert på dette. Sentrale styresmakter skreiv eit brev til distriktskontora for ei tid sidan og til dei som driv med sosialt arbeid, at dei ikkje skulle samarbeide med dei som er kristne, heller ikkje støtte dei med pengar. Det er ikkje lov til å gjere det.

Trass politiaksjonar veks kyrkja
Det var med bakgrunn i dette brevet at det blei ein aksjon før sommaren og dei fire kristne lærarar blei fengsla i Cherikot distriktet, anklaga for å bryte lova. Dei vart frifunne i retten.
Det har vore ei mengd sakar i distrikta etterpå, der lokale styresmakter sjekkar skular og barneheimar. Dei aksjonerer om dei finn biblar. Ein del kyrkjer har og hatt besøk av politi. Politiet kjem og observerer kva kyrkjene driv med og kva aktivitetar dei har.

Men Pitamber seier at dette ikkje skremmer dei kristne frå å halde fram si normale verksemd.
– I den siste tida er det blitt fleire kristne i landet og kyrkjene veks.

Vis varsemd
Ei anna sak er at det er vanskelegare å få arbeidsvisum til Nepal no. Ein kristen organisasjon, ANF, fekk ikkje fornye sine visa. Pitamber trur at situasjonen tilspissar seg for dei kristne framover, men at det fører til at dei kristne blir sterkare og fellesskapet blir styrka. Situasjonen kan gjere at ein del som har vorte kristne med von om å få noko slags fordeler, fell frå og at ein på lang sikt får ei «reinare» kyrkje. Pitamber meiner at ein i dei ulike organisasjonane må vere varsam med å fronte at ein er kristen, men vise til det arbeidet ein gjer, om det kjem kontrollar.

Be for dei kristne i Nepal
Ingen av HimalPartners samarbeidsorganisasjonar gjer noko som kan komme i konflikt med desse lovane, men det er grunn til å be for våre medkristne i Nepal framover.