Utviklar lokalsamfunn

Bilde 1_Peter Grubyi

Kraftutbygging og tilgang på elektrisitet er viktig for å utvikla eit samfunn, men det kan også innebera store utfordringar undervegs. I Nepal fekk Andhikhola-utbygginga så gode verknader for lokalsamfunnet at den vart heidra med Blue Planet-prisen i 2005. Desse røynslene ligg til grunn når HimalPartner engasjerer seg i kraftutbygging igjen, men på ein heilt annan måte enn før.  (Foto: Peter Grubyi)

Tekst: Tore Skeie og Terje Holmedahl

Resource Centre for Innovation People and Energy (RECIPE) er etablert i samarbeid med Kathmandu University. I HimalPartners portefølje vert dette opplæringsprogrammet kalla «Kraftverk og samfunn». Noko av opplæringa vil skje på universitetsområdet i yrkesopplæringsavdelinga Technical Training Centre, medan mykje vil skje ute i distriktet.

Trishuli-dalen
Like før nyttår vart det gjort ein avtale om opplæring av 60 personar i Trishuli-dalen nord for Katmandu i ulike yrkesfag. Dette er basisopplæring i ei tre månader og oppdragsgjevar er eit kraftselskap med nepalske og sør-koreanske eigarar. Oppstart er tenkt midt i februar 2017.

Tanken er at opplæringa etter kvart også vil verta eit samarbeid med Butwal Technical Institute som HimalPartner var med å starta på sekstitallet, og som har vore ein arnestad for industriutvikling i heile fylket. Sidan starten har mange av dei unge som fekk yrkesutdanning her, starta eigne bedrifter som i dag sysselset tusenvis. Gevinsten ved denne opplæringstypen som RECIPE representerer, er at lokalsamfunna i kraftkommunane kan tileigna seg kompetanse som er etterspurd av utbyggjarane. Dermed kan dei tilføra heilt nødvendig verdiskaping lokalt.

Drift og vedlikehald
Spesialopplæring av drifts- og vedlikehaldspersonell som i dag jobbar på ulike kraftverk i Nepal, er det stort behov for. Planlegging av slik opplæring er no i ein tidleg-fase. Khimti-kraftverket, det første kraftverket som Statkraft bygde utanfor Noreg, vil spela ei nøkkelrolle som partnar for RECIPE i denne opplæringsdelen. Khimti vil bidra med sin kompetanse i Nepal, i all hovudsak med nepalsk personell. Dei tek sikte på å auka produksjonstida for kraftverka gjennom gode vedlikehaldsprosedyrar. Landet har kraftunderskot, og det er mykje å vinna på betre vedlikehald.

Side 13 B-sak Bilde 2 TTCOpplæringsprogrammet RECIPE skal etter få år vera økonomisk sjølvberande. Norsk bistand gjennom HimalPartner vil i ein oppstartsfase truleg bestå av ein utsending, samt noko investeringsmidlar. Kathmandu University sitt Technical Training Centre vil vera viktig i den første fasen av programmet. Etter kvart vil eigarskapet venteleg verta utvida med industrielle og finansielle partnarar.

Dei som jobbar mest med dette programmet er Saraswati Upadhyaya og Bivek Baral frå Kathmandu University.