Yrkesopplæring på universitetet

ttc_bilde_1_chhangjung

Tenåringsjenta Chhangjung frå fjellandsbyen er elektrikarlærling på Kathmandu University. Ho har hatt ei bratt læringskurve, – lært å kle seg på byvis, koka maten sin på gass, finna vegen i storbyen, ta til seg ny kunnskap og klare seg sjølv blant dei verdsvante med-studentane.

Tekst: Ragnhild Skeie
Foto: Tore Skeie

HimalPartner støttar Kathmandu Universitet (KU) med eit yrkesopplæringsprogram retta mot studentar frå kraftutbyggings-område. Dette programmet er no i startgropa og nokre studentar er allereie i gang med opplæring.

Stipend for unge frå Aust-Nepal
Ein velutdanna nepali ingeniør som arbeidde i USA, hadde slekt frå Sankuwasabha, eit område aust i Nepal. Han ville gjerne gi noko tilbake til dette området i form av stipend til unge. Etter at han døydde brått for ei tid sidan, har familien oppretta eit minnefond i sonen sitt namn. Med midlar frå dette fondet gir dei stipend til unge frå aust-Nepal.

Ein av desse, Chhangjung, er ei ung jente frå ein avsidesliggjande landsby, 2 dagars gange frå næraste veg. Ho fortel om ein landsby der få jenter går på skule. Mange gifter seg unge, får born og ansvar som ikkje kan sameinast med skulegong. Sjølv er ho frå ein familie der far og mor ikkje kan lesa, men har sendt alle dei fire borna sine på skule.

Reiste på ein dags varsel
Chhangjung fortel at bestefaren hadde fått greie på dette utdanningsprogrammet på KU. Ein torsdag kjem han til dei og seier at ho må reisa. Dagen etter er ho klar. Her gjeld det å gripa sjansen når han er der. Saman med ein eldre gut frå same området går ho til fots i to dagar for å ta bussen. Ho har sett ein bil før, men det er fyrste gongen ho sjølv er passasjer. Turen går til næraste flyplass. Ho skal fly til Kathmandu saman med guten, som følgjer henne.
– Eg var så redd! seier Chhangjung. Samstundes var det utruleg å sjå alt ovanfrå, – alle husa, landsbyane, alt var så lite og eg sveva over det heile. Eg var ør i hovudet, redd og spent. Eg visste ingen ting.
Ho ler av seg sjølv medan ho fortel.

Handla jeans og genser
Sundagen var dei på plass på KU. Guten skulle på snikkerkurs og ho i elektrikarlære. Ei av dei andre i jenteinternatet kom og sa at ho måtte skaffa seg klede.
– Klede? Eg syns det var greitt det eg hadde, – ein lang kjole med belte rundt livet slik alle jenter i landsbyen min har.
Jenta på internatet tok henne med til Banepa, 5 km unna, og handla inn jeans og genser til henne.
– Eg var så flau dei fyrste dagane, men no kjennest det som eg alltid har hatt slike klede, ler ho og klappar på den blå jeansen.

ttc_bilde_2_chhangjungGutane hjelper meg
På elektrikarkurset er det seks andre studentar, alle gutar.
– Korleis er det å vera yngst og åleine jente? Ho smiler at det er greitt.
– Dei hjelper meg. Eg har aldri sett desse verktøya før, langt mindre hatt elektrisitet heime. No går ho ilag med dei andre og skrur på boksar, borer med boremaskin og trekkjer på elektriske kablar.

Peder Eriksson frå Sverige er læraren deira, – eg lurer på kor mykje Chhangjung får med seg.
– Ho er sjenert, seier han, men ikkje dum! Medelevane forklarer henne når ho ikkje forstår, og ho får litt støtteundervisning i det teoretiske. Ho klarar seg!
Som ein del av opplæringa skal elevane gjera elektriske installasjonar på eit av nybygga på KU. Gjennom dette får dei verdifull praktisk erfaring og også løn for arbeidet. Kanskje kan det vera starten på eige føretak for nokre av dei.

Elektrisitet til landsbyen
Chhangjung seier at rett før ho reiste frå landsbyen, kom det folk frå Katmandu for å lage elektrisitet i området.
– Dei skal byggje ein brunn i elva og trekkje straum ut frå vatnet. Eg skjønar kva ho snakkar om sjølv om bileta våre er ulike. – Kanskje kan eg vera med på dette i mitt heimeområde, seier ho.

Ja, kanskje kan ho det, unge Chhangjung på 14-15 år, den fyrste jenta frå dette området som tek del i opplæringsprogrammet på KU. Ho er ei modig sjel som har reist ut i det ukjende, bur åleine på eit stort internat, saknar familien sin som samlast rundt varmen frå koke-grua på golvet, og saknar sengevarmen frå veslesøstera.
Ho har hatt ei bratt læringskurve, lært å kle seg på byvis, koka maten sin på gass, finna vegen i storbyen, ta til seg ny kunnskap og klare seg sjølv blant dei verdsvante med-studentane.
Eg skulle gjerne møtt henne att om ti år for å sjå kvar ho er då.

ttc_bilde_klassen

Klassebilete frå TTC med Chhangjung og alle gutane. Lærar Peder Eriksson bak til venstre.

Fakta:
Kraftverk og samfunn (Prosjekt nr 128)
Partnerorganisasjon: Kathmandu Universitet (KU)
Eit nytt HimalPartner-prosjekt, inspirert av tildelinga av UNESCOs «Blue Planet Prize» i 2005.