Eit innblikk i partnarens kvardag

foto-ecec

Trass den krevjande arbeidssituasjonen dei har, står dei på i Educational Horizon Nepal. Partnaren som gjev barn ein betre skulekvardag har eit hjarta for arbeidet og gjer ein svært god jobb.

side-3-sak-1-portrett-solveig_liteAv Solveig Abelone Midtgarden, Landkoordinator, Nepal
Illustrasjonsfoto: ECEC

Ein fin dag i slutten av september forlét vi trygge Katmandu og la i veg. Prosjektpartner Education Horizon Nepal (EHN) skulle evaluerast. Då måtte me ut på ei reise. Monsunen har vore langdryg i år. All nedbøren gjer at me dagleg les i avisene om jordskred og stengte vegar, folk som omkjem og om evakuering frå landsbyar.

Skule i mørkt kjellarrom
Etter ein stopp i distriktshovudstaden Dhading Besi med møte og eit skulebesøk, bar det av garde nordover til ein landsby som heiter Madhi.
Skulen me vitja hadde store skader etter jordskjelvet og var ikkje tilrådeleg å bruke. Likevel kom vi inn i eit mørkt klasserom i kjellaren. Dette er ein landsby som ber preg av fattigdom. Ingen barn hadde reine uniformer, dei var skitne og enkelte hadde heller ikkje med niste heimanfrå. Samtidig er det ei oppleving å vere vitne til den glød og iver som prosjektet har gitt skulen. Vonleg kan det gi ringverknader til lokalsamfunnet.

Godt samspel
Me opplevde samspelet mellom fasilitatoren og ungane svært godt. «Child friendly learning», kurset som fasilitatoren har gått, går ut på at ungane skal lære gjennom leik. Ein holistisk tankegang med fysisk, psykisk og sosialt fokus, lære og snakke om og å vise kjensler, lære seg godt samspel, bruke naturen til leik og læring og ikkje starte med lesing og skriving, slik den tradisjonelle førskulen i Nepal gjer.

Mange instansar å relatere til
For å drive dette prosjektet må partnarane våre relatere til mange instansar. Village Development Commitee, School Management Commitee, District Education Office, District Health Office, Child Welfare Office, Resource Persons og ein komité oppnemnd etter jordskjelvet for å ha oversikt over alle friviljuge organisasjonar i distriktet. Alle vil ha møte og alle vil ha jamlege rapportar. Dette kjem i tillegg til dei samarbeidspartnarane som ein «normalt» arbeider med. Alle har sine krav til prosjektet, oftare kvantitetskrav enn kvalitetskrav. Dei vil ha fine statistikkar på papiret.

Mange av krava let seg ikkje gjennomføre i praksis, då det er mange hindringar undervegs, som uframkommelege vegar, store avstandar, fråvær av nøkkelpersonar og mange festival- og offentlege fridagar gjennom året. Engasjement og respekt kan det vera så som så med på dei ulike kontora. Me erfarte i møte at nokon begynte å lese avis, prate om andre ting, tok imot gjester, nokon kom og gjekk, andre snakka i telefonen.

Dette er kvardagen deira
Dette er kvardagen for våre partnarar, eit hierarkisk samfunnssystem der dei som sit på toppen utøver si makt overfor dei som er lågare nede på rangstigen og kjem for å ha møter. Dette var tydeleg å merke.

Shyam_nettTrass den krevjande arbeidssituasjonen dei har, står dei på i Educational Horizon Nepal. Dei har eit hjarta for arbeidet og gjer ein svært god jobb. Dei treng verkeleg oppmuntring og støtte og me må vise at me bryr oss. Prosjektet «Ein betre skulekvardag» er viktig!

Vi er takksame for Shyam Kumar Rai (biletet) som er ny prosjektkoordinator i EHN. Hugs han og prosjektet i bøn!