Fokus på leik og dans

gutt

Førskulelærar Sarita Bhatta har lært mykje om barns utvikling gjennom kurs hos Eductional Horizon Nepal. Ho ser positive endringar i måten ho møter borna på i klasserommet. (Foto: Terje Holmedahl)

Mange utdanningssenter i distrikts-Nepal har dårlege skulebygningar og mangler undervisningsmateriell. Lærarane har lite utdanning. EHN vil endra dette. Med stønad frå HimalPartner starta EHN i 2013 eit integrert utdanningsprogram for førskuleborn i distriktet Dhading, 30 km vest for Kathmandu. Det omfattar mellom anna eit 18 dagars kurs der lærarane får praktisk trening i å undervisa med leik som metode, tilpassa borna sin alder og utvikling.

Side 12-13 Sak 2 Bilde 1_Sarita_BhattraiFørskulelærar Sarita Bhatta (biletet til venstre) har teke kurset og har lært mykje. Ho ser positive endringar i måten ho møter borna på i klasserommet.
– Tidlegare gav eg mykje skriftleg arbeid, noko som førte til passivitet hjå borna. No er det meir fokus på leik, dans og kreative fag. Borna er glade og det er meir stabilt frammøte, seier Bhatta.

Side 12-13 Sak 2 Bilde 2_Laxman-Prasad-KhatiwadaLaxman Prasad Khatiwada, rektor på ein barneskule i Dhading, fortel om positive endringar på sin skule etter at staben deltok på kursa til EHN.
– Ein av lærararane våre som var med på 18 dagars kurset, har eit klasserom som er totalt endra. Undervisninga er prega av song og leik, og klasserommet er fullt av borna sine kreative teikningar og figurar. Fråværet har minka og borna trivst godt med dei nye undervisningsmetodane.

Les kva leiaren i EHN drøymer om, Malati Rai Pandey

Støtt prosjektet «Ein betre skulekvardag».

Gi med webgiver: